Turar og friluftsområder

Turar

Austrheim er på mange måtar eit stort turterreng, men om du treng litt hjelp, fins her åtte merka turløyper, sju av dei er sjønære. Ein attraksjon du berre finn i Austrheim, er Vardetangen, det vestlegaste punktet på fastlandet, 4 grader 56 min. 43,182 sek. austleg lengde og 60 grader 48 min. 36,614 sek. nordleg breidde.

Går du turløypa gjennom Hoplandsmarka, frå kvernhuset i nord, til Fosenstraumen i sør, har du eit historisk spenn på mange tusen år. Langs denne løypa finn du på mange måtar livsgrunnlaget for folket på desse kantar i gammal tid; heimeavla korn male på lokale kverner og dei rike fiskeplassane i dei mange straumane.

Langs turløypa i Øksnesmarka finn du spor etter torvtaking. Torv var tidlegare eit viktig brensel; vedskog fanst nesten ikkje, og kol var dyrt.

Fine utsiktspunkt finn du i turløypene i Krossøyna og Lerøyna.

Her finn du ei oversikt over turløyper i Austrheim

 

Friluftsområder

I Austrheim har vi 3 friluftsområder som Bergen og Omland friluftsområder (BOF) forvaltar.

Øksnes friluftsområde har turvegar og strand som er eigna for rullestolbrukarar med hjelpar. Dette er eit av dei områda BOF har i Austrheim. Parkering ved dampskipskaien og etter slippen ved småbåthamna. Føl grusvegen vidare inn i området. Toalett og informasjonstavle ved parkeringa. Fast bord og benkar, samt grill ved stranda. Det er ein fin teltplass på austsida av vika. Stupebrett med badestige på vestsida. Området er eit fint utgangspunkt for padling med kajakk i øyane nord for friluftsområdet. Bilveg heilt fram til badeplassen. Les meir på BOF sine heimesider - Øksnes friluftsområde

 

 

Your browser does not support iframe. <a data-cke-saved-href="http://a3.nordhordlandskart.no/embedded/60d13173-85ef-43e0-b12e-bfe06df6b1c4" href="http://a3.nordhordlandskart.no/embedded/60d13173-85ef-43e0-b12e-bfe06df6b1c4" target="_blank">You can see the content of the frame here</a>

Sauesanden lipp på Sauøy i Rongevær. For å kloma dit må du i båt. Badeplassen har ei fin og langgrunn sandstrand. Området er tilrettelagt med brygge og toalett. Les meir på BOF sine heimesider - Sauesanden

Børilden har BOF eit stort friområde. Her er det fine viker og flotte plassar å slå seg ned. Ein må i båt for å koma ut dit. les meri på BOF sine heimesider - Børilden

Årvika har i "alle år" vore ein flott badeplass for bygdefolk og andre. No er området rusta kraftig opp ved hjelpa av Fonnes bygdelag, Austrheim kommune, grunneigarar, BOF og Gjensidigestiftinga. Frå parkeringsplassen er det kort veg langs god gangveg fram til badeplassen i Årvika. Det er lett å ta seg fram med barnevogn. Badevika har landgrunn sandstrand og er tilrettelagt med fleire bord og benk, grill og toalett. I bakkant av stranden er det fin grasmark, nord for stranden er det svaberg og fleire små badeviker. Områda nord for Årvika blir brukt til vannsportaktiviteter, og friluftsområdet er eit godt startpunkt for windsurfing og kiting. Les meir på BF sine heimesider - Årvika

 

Your browser does not support iframe. <a href="http://a3.nordhordlandskart.no/embedded/dbcbbd32-6776-4352-863b-1e50d70a564e" target="_blank">You can see the content of the frame here</a>

Meir om BOF finn du her

 

Web levert av CustomPublish