Padling i Rongevær_1000x750_cropped_846x434

Velkomen til Austrheim

Det er ei glede å ynskje deg som turist velkomen til Austrheim. Om du kjem med båt, bil, buss eller syklande. Det vi først og fremst kan tilby er ein flott skjergard med øyar, holmar, straumar og lune viker som eignar seg godt for bading.

Her er litt kort informasjon som kan vera grei å ha med seg når du kjem til Austrheim:

1. Turløyper. Vi har mange fine turløyper som ikkje krev anna en lyst til å gå ein tur i kystlandskapet

2. Padling i Austrheim. Det er ikkje utan grunn mange kallar kommunen vår for eit padleeldorado. Sjekk ut sjølv

3. Sykkel. Gjennom kommnen vår er det merka sykkelvei. Dette er ein del av Nordsjøløypa for sykkel. Vi anbefaler ein avstikker på Øyanevegen og ut til Fedje

4. Bubil. Tømmestasjon for bubil finn du i kommunesentrum, like ved kommunehus, Fosnøy bilsenter og Mastrevik Torg. Etablert bubilparkering i Mastrevik ved Havspåortsenteret. Betaling.

5. Båt. Gjestehamner finn du ved Kjelstraumen Vertshus og i Mastrevikane. Bunkring i Kjelstraumen

Web levert av CustomPublish