Yr.no melder om sol framover

Totalforbodet mot open eld er no utvida til også å gjelda forbod mot skyting på skytebaner. Forbodet gjelder også all skyting utanfor godkjente skytebaner!

Oppdatert 1/6-18 kl. 1415:

Oppdatert 30.mai 2018

Det fine været den siste tida har ført til at det er svært tørt i regionen vår. 

Oppdatert 1/6-18 kl. 1415:

PRESISERING AV TOTALFORBOD MOT Å GJERA OPP ELD UTANDØRS!

Forbodet mot å gjera opp eld utandørs tillater kontrollert grilling i eigen hage.

GRILLING I EIGEN HAGE ER KUN TILLAT VED BRUK AV GASSGRIL!

Bruk av anna type grill utandørs og i eigen hage er å regne som brot på forbod!

 

-----------------------------------------------

 

Den store brannfaren gjer at brannsjefane i Austerheim, Radøy, Lindås, Meland og Modalen også innfører forbodet mot skyting på skytebaner. Forbodet gjelder også all skyting utanfor godkjente skytebaner! Forbodet kjem i tillegg til tidligare totalforbod mot å gjera opp eld utandørs.

Forbodet gjeld frå og med i dag, 30.05.2018, og til me har hatt nedbør av betyding. Brann og redningssjefane vil kunngjere når forbodet er oppheva.

 

Brannsjef Austerheim, Rolf Henning Myrmel

Brannsjef Radøy, Stein Ove Valdersnes

Brannsjef Lindås, Meland og Modalen, Karl J Romarheim

 

OPPDATERT 28.05.18
I heile Nordhordland er det no innført totalforbod mot bål og grilling, også på friområder.

Les alt om forbodet på Strilen.no

Det er «lova» sol lenge enno, og vi nyt det så godt vi kan.

 

Diverre er det difor enkelte ting som må minnast om i slike periodar. Stor skogbrannfare og sparing på vatn. Austrheim kommune innfører forbod mot vatning av hagar, tapping i store basseng, vasking av bil og andre ting der det går med store mengder vatn. Dette gjeld både hus og hytter, og vi håper og trur at forbodet vert respektert.

Web levert av CustomPublish