Tilrettelagte aktivitetar

I Austrheim kommune er det mange aktivitetar for innbyggjarar med nedsett funksjonsevne i alle alder.

 

Vi har turstiar og jobber for å få turvegar som har universell utforming.

 

Austrheimhallen har enkel tilgang, her kan ein spele basketball ved å  plassera kurven i  høyda ein ønskjer.

Austrheim Idrettslag har eige boccialag og det er merka bocciabane i Austrheimhallen. Laget ønskjer fleire spelare og ta kontakt med servicekontoret for meir informasjon.

 

Kaland svømmebasseng har heis slik at det er mogleg for alle å kome seg i bassenget. Det er oppvarma basseng måndag.

 

I samarbeid med Austrheim vidaregåande og frivilligsentralen er det helsedans på Seniorsenteret. Ta kontakt med servicekontoret for program.

 

Friskus er ein turgruppe med eit årleg program for turar ein gong i månaden. I Havsportveka er det eit eige opplegg for Friskusar.

 

Web levert av CustomPublish