Treng du barnehageplass til barnet ditt?

Tid for å søkje barnehageplass for 2018-2019

I Austrheim kommune har vi to barnehagar: Austrheim Kystbarnehage som ligg i kommunesentrum, like ved Mastrevik torg og Kystlandsbyen, og Kaland barnehage som er bygd saman med Kaland barne- og ungdomsskule i nærleiken av Mongstad.

No er det tid for å søkje plass for barnehageåret 2018-2019. Det gjer du gjennom elektronisk søknadsskjema som du finn her. Søknadsfrist er 1.mars 2018.

NB! Dei som har plass i dag, men ynskjer å endre tilbodet, må også søkje.

 

Har du spørsmål kan du ta kontakt med ein av barnehagane eller servicekontoret på tlf. 56162000

Kaland barnehage, styrar Åshild Hope Herland, tlf. 56162101

Austrheim Kystbarnehage, styrar Britt L Ystebø, tlf. 56162170

 

 

Web levert av CustomPublish