Du er her: Start»Tenester

Administrativ organisering av kommunale tenester

Austrheim kommune er organisert med to leiarnivå, sentraladministrasjonen og tenestenivået.

Sentraladministrasjonen er delt inn i tre einingar:

  • Staben -der assisterande rådmann har ansvar for drifta av eininga.
  • Servicekontoret -der assisterande rådmann har ansvar for drifta av eininga.
  • Økonomikontoret- der økonomisjefen har ansvar for fag og drifta av eininga.

I sentraladministrasjonen er det ei rådmannsgruppe som er samansett av rådmannen, assisterande rådmann, kommunalsjef oppvekst og økonomisjefen.

Tenestenivået er inndelt i 11 avdelingar med ein avdelingsleiar som har det samla og overordna ansvaret for heile avdelinga / tenesteområdet.

Kommunen si leiargruppe:

Kommunen har ei leiargruppe som er samansett av:

  • Rådmannen, assisterande rådmann, kommunalsjef oppvekst, økonomisjefen og avdelingsleiaren for dei 11 tenesteområda / avdelingane.
Web levert av CustomPublish