Tema Kafe - for dei kreftramma og deira pårørande

Austrheim kommune startar opp temakafe, som eit tilbod til dei kreftramma, deira pårørande og etterlatte. Dette er eit tilbod som kreftforeninga har starta opp fleire stader i landet, den nærmaste i vår region er i Knarvik. Vår første kafe vert onsdag 8. februar kl. 18.00.

De finn oss i  Arbeidssenteret, gamle tannlegekontoret på Austrheim. Austrheimsvegen 1010.

Kafeen vert i utganspunktet drifta av frivillege, men pleie- og omsorgsleiar Monika Kvamme, fysioterapeut Tora Smith, kreftsjukepleiar Elisabeth Rahner, fleire ivrige sjukepleiarar og flotte pensjonistar vil vere blant dei som deltek.

Vi startar opp 8. februar kl. 18.00 - 20.00.
Anne Hvidsten opnar kvelden med fin sang.
Deretter vert det eit todelt opplegg: Først enkel trening med fysioterapeut (dei som vil delta på dette må ha klær det er godt å bevege seg i) så tema "Å få kreft"  - Evy Eknes delar si historie om det å få kreft, møte med helsevesenet og erfaringar ellers. Det vil vere ope for dialog med publikum.
Servering av god mat frå Knuter Catering.

Temakafeen vert truleg ope den andre onsdagen kvar månad framover. Nye datoar og tema vert publisert seinare.

Velkommen helsing kreftsjukepleiar Elisabeth Rahner og dei frivillige

 

 

 

Web levert av CustomPublish