Teknisk drift

 

Teknisk drift har ansvar for kommunale bygg, eigedom, reinhald, vatn, avløp, veg og brannvern.

Driftsleiar er Rolf Henning Myrmel.

Ved førespurnader til teknisk drift, ta kontakt med servicekontoret på telefon 56 16 20 00 eller post@austrheim.kommune.no

 

 

Vatn og avløp
Vatn og avløp (VA) har driftsavdeling lokalisert i Kanserdalen. VA byggjer og har ansvaret for drifta av dei kommunale vatn- og avløpsanlegga i Austrheim kommune.
VA sørgjer for at du som brukar får trygt, godt og nok vatn i springen. Vatnet vert kjøpt frå Lindås kommune som leverer til høgdebassenget Litlås.
Dersom du er tilknytt kommunal kloakk, tek VA hand om transport og handsaming av kloakken. Dersom du har privat septiktank (slamavskiljar) er minimumstømminga organisert av VA.

10 kommunar/verksemder har gått saman om å utarbeide felles kommunalteknisk VA norm.
Normen finn du her.

 

Slamhandtering
Det er Johny Birkeland Transport AS som tek hand om slantømminga i kommunen. Det er normalt tømming kvart andre år for einebustadar og kvart fjerde år for fritidsbustadar. Dersom det er behov for ekstra tømming, må dette avtalast direkte med Johny Birkeland.

septik24.no kan du finne oversyn over ditt slamanlegg og kontaktinformasjon til slamtømmar.


Veg
Veg har driftsavdeling lokalisert i Kanserdalen . Veg har ansvaret for drifta av det kommunale vegnettet i Austrheim. I tillegg ligg kommunale kaiar.
Retningsliner for graving i offentleg veg- og gategrunn finn du her og søknadsskjema for graving finn ein under sjølbetjening her.

 

Brøyting og strøying
Austrheim kommune har avtale med lokale aktørar som tek hand om brøyting og strøying. Ved henvendelsar angåande vinterberedskapen, ta kontakt med teknisk drift via vakttelefon.

 

Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap IKS
NGIR (Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap IKS) vart skipa i 1981 og er i dag eigd av kommunane Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Radøy og Solund.

NGIR er ansvarleg for innsamling og vidare handsaming av alt avfall frå dei i overkant 12.000 hushalda og 5.000 hyttene i medlemskommunane, og tilbyr avfallsløysingar og tenester til industri og næringsliv i regionen.

I tillegg utfører NGIR slamtømming for eigarkommunane og har mottak for bilvrak.
NGIR skal vera ei kundeorientert og konkurransedyktig verksemd som aktivt arbeidar for eit betre miljø.

www.ngir.no

 

Mørke veglamper?
I haust- og vintermånadene er det ekstra viktig at veglysa fungerer. Det er BKK som held gatelysa i Austrheim kommune vedlike, men dei treng tips frå deg om mørke veglys.
Mange ring kommunens sentralbord for å melde frå om feil på offentleg veglys. Det er framleis mogleg, men erfaringa er at det er vanskeleg å forklare kva for lyktestolpe det gjeld. Her er det no eit enklare tilbod for dei som har internett-tilgang. Gå inn på bkk.no og merk av kvar veglyset er øydelagt.

 

Teknisk drift har døgnkontinuerleg vakt
Vakttelefon 945 06 750.

 

Web levert av CustomPublish