Stortingsval 2017 - frå 10. august kan du førehandsrøyste

Dette kan du gjere på kommunehuset. Servicekontoret har ope måndag – fredag kl. 08.00 – 15.30

I tillegg kan du førehandsrøyste her til bestemte tider:

Mastrevik Torg, Næringshagen sine lokaler
Laurdag 26/8 -17  kl 10.00 -14.00
Laurdag 02/09-17 kl 10.00-14.00

Nordliheimen.
Veljarar på Nordliheimen og Vestlia kan førehandsrøyste onsdag 6. september kl 10.30 – 12.30

Ambulerande røysting
Veljarar som grunna sjukdom eller fordi dei er uføre ikkje kan koma seg til røystelokalet, kan søkje om å få røyste heime. Søknad om slik røysting kan setjast fram per telefon 56 16 20 00, per e-post til post@austrheim.kommune.no, eller sendast skriftleg til Austrheim kommune, valstyret, Sætremarka 2, 5943 Austrheim.
Frist for å søkje om å få røyste heime er sett til tysdag 05.09.17.

Ta med valkort og gyldig legitimasjon når du skal røyste!

Les meir om valet her. Stortingsval 2017

Web levert av CustomPublish