Du er her: Start
Reiseliv2

Nyt det gode livet i kystkommunen

Sommar i Austrheim

Det er mykje å oppleva, mykje å vera med på og det er mykje å gjera på i Austrheim i sommar. Vi har prøvd å laga ei lita oversikt her på kommunen si heimeside. Den er nok ikkje fullstendig, men den vert oppdatert etter kvart som vi får melding om ting som burde vera med. Har du tips? Send til heimesida@austrheim.kommune.no. God sommar her i Austrheim.

På heimesida vår finn du mykje informasjon under Turistinformasjon. Her kan du lese om det å koma med båt eller bubil til Austrheim, gode turtips og ikkje minst informasjon om friluftsområda i Austrheim.

Kva skjer?

08.08.16 til 15.08.16
Havsportveka 2016 går av stabelen for 8. gang i august 2016.  

Havsportveka 2016.jpg
Her er oversikt over noko av det Havsportveka 2016 kan tilby:
BKK Summer Camp - 8.-10. august
Storsamling for padlere og dykkere: 11.-14. august
NM-weekend windsurfing: 11.-14. august
Aktivitetsdager i Mastrevikane: 12.-13. august
Fonnesdagane: 12.-14. august
Havtri: 13. august
Sponsordager: 11-15. august
Sosial program: 10.15. august

10.08.16
Uteseileren – Kjelstraumen vertshus

«Den kritiker roste kabareten om norske sjøfolks liv i etterkrigstiden legger ut på ny seilas. Alt er basert på sanne historier, men det betyr ikke at kabareten ikke er spektangulær og morsom. Med Helge Jordal i hovedrollen seiler kabareten på verdens hav. Innom kneiper i New York, Filippinene og mange andre eksotiske steder. Med på ferden er musikken, og ikke minst lengselen etter å komme hjem. Forbudt kjærlighet og savn. Rørende og morsom»
Bill. på Billettservice.no. Døreane opnar kl.18:00 - Hovudartist ca. kl.19:00. 

12.08.16 til 14.08.16
Fonnesdagane

Fredag 12. august kl 17.00-23.00 Fonnes kai
Dajen før Dajen: Konsert med Steinar Albrigtsen og Nakkasleng

Steinar Albrigtsen.jpg
Laurdag 13. august kl.12.00-16.00
Fonnesdajen: ”Dajen dar folk møtes”
Sundag 14.august Kl. 14.00-17.00

Dajen derpå: Havsport-aktivitetar, varme grillar og gudsteneste ute i det fri

For fullstendig informasjon om programmet www.fonnesbygdelag.no eller
sjå www.kystsogevekene.no

 

 

 

Arrangement tidlegare i sommar:

Sundag 12.juni Austrheimløpet
For 26.gong vert Austrheimløpet arrangert med start og mål ved Austrheim samfunshus.Påmelding frå kl. 12.00

Les meir her


24.06 til 13.07 2016
Ein smak av Austrheim

Dette er ein sentrumsfestival som Mastrevik Torg, Kystlandsbyen, næringsliv, lag og organisasjonar saman med Austrheim kommune arrangerer. Du kan lesa meir på www.einsmakav.no

24.06.16
Skumparty for ungdom
. I telt ved Mastrevik torg.
Arr: Austrheim ungdomsklubb i samarbeid med Ein smak av Austrheim

25.06.16 kl.11.00
Bustadmesse på Mastrevik Torg

Bustadmessa vert opna klokka 11.00 av ordførarar, og Austrheim Skulekorps spelar under opninga. Dette er også den offisielle opninga av sentrumsfestivalen Ein smak av Austrheim.​
Tid For Hjem med Einar Nilsson og Gunnar Fjellestad står for underhaldninga og har med seg show og gode historier om oppussing i heimen,  i tillegg til musikk og spel. Årås Sanitetsforening vil servere BRUNSJ frå klokka 11.30.  Tid for Hjem-gutta skulle vera godt kjende frå den populære oppussingsserien på TV2. 
Lokale utbyggjarar vil marknadsføre tomtar og byggeprosjekt. 

Arr: Austrheim kommune i samarbeid med Nordhordland Næringshage og Mastrevik Torg

www.einsmakav.no

25.06.16 kl. 18.00
Allsang i teltet og midstsommardans
. I festivalteltet ved Mastrevik Torg.

Kl.19.30  Allsong i teltet
Etter braksuksessen i 2015 måtte vi berre gjenta Allsang i teltet også i sommar. Austrheim songlag har med seg Tor Halvor Halvorsen, Irene J. Ahnell og Hilde Alvær Hagesæter og eit topptrena orkester, så her vert det livat. Sanger frå Marius Müller, Hellbillies, Elton John, ABBA og mange fleire toppartistar.

Etter Allsongen er ferdig vert det midstsommardans med DJ Frode Sylta
Spelar musikk for dei som er tilstades, uansett alder. Dansbar musikk frå alle tider.

Her får du ein kjekk kveld for inngangspengane.

Bill kr 200,- hjå Mastrevik Bok og papir, Servicekontoret eller i døra.

Arr: Ein smak av Austrheim i samarbeid med Austrheim songlag

 

Fredag 01.07.16 
Kl. 12.00 Havsportaktiviteter i Mastrevikane

Austrheim ungdomsklubb innbyr til familiedag i Mastrevikane. Prøv kajakk og andre aktiviteter. Moro for små og store

Kl. 19.00 Opning av fotoutstilling av Ola Moen
Ola Moen er ein kjend hobbyfotograf i Nordhordland, og under Ein smak av Austrheim vil han ha ei salsutstilling av nokre av bilda sine. Hovudsakleg vil det vera kystmotiv frå Austrheim og nabokommunane. Nokre i fargar og nokre i svart/kvitt. 

 

Laurdag 02.07.16
Kl. 18.00 Sommardans i teltet med CAPS.

Bandet går på scena ca kl. 21.00

 

Laurdag 09.07.16 Blueskveld i teltet

Blues Brazz Collective justert.jpg
Blueskveld med topp steming, mørke solbriller og skikkeleg trøkk frå The Blues Brazz Collective.
Bill.sal på Billettservice.no eller hjå Mastrevik Bok og papir og Elite Foto, Knarvik Senter. Dørane opnar kl. 18.00


13.07.16
Opplev VAMP i Austrheim. For første gong i Nordhordland!

Vampbanner justert.jpg
«Etter den eventyrlige suksessen med «Liten fuggel» (200.000 solgte album) tok Vamp seg en ett år lang velfortjent pause. Da de kom tilbake, var det i en revitalisert utgave, med bandets originalvokalist Jan Toft tilbake bak mikrofonen og gitarist Bjørn Berge og bassist Kjetil Dalland som nye, sterke medlemmer. Med konseptalbumet «Populas» har Vamp levert en plate som med innsikt og kjærlighet forener humor og alvor, røffhet og varme, gnist og visdom. Et av landets mest folkekjære og spennende band har tatt et nytt steg. «
Billsalg på Billettservice.no. Dørane opnar kl. 18.00

 

 

Skriv ut Skriv ut
Web levert av CustomPublish