Skulehelsetenesta 6- 20 år :

I skulehelsetenesta for grunnskulen arbeider to helsesøstre med ansvar for kvar sin skule.

Kontortida er kvar fredag på grunnskulane: kl 08.30 – 11.15

og på vidaregåande skule både tirsdag og onsdag mellom 08.30 – 14.00. Helsesøster er då tilgjengeleg for kontakt med elevar, foreldre og skule. Er også tilgjengeleg på telefon utanom desse tidene.

Helsesøster er også med i ressursteamet ved både grunnskulane og vidaregåande skule.

Skulehelsetenesta i grunnskulen tilbyr:

2.klasse  – vaksinering

3.klasse  – vekt, lengde og KMI måling

6.klasse  – vaksinering

7.klasse  -  vaksinering

8.klasse  – vekt, lengde og KMI måling

10.klasse – vaksinering

 

* Støttesamtalar

* Elev-foreldrerettleiing

* Tilvising

* Undervisning i grupper eller klasse

 

 

Skulehelsetenesta i vidaregåande skule tilbyr :

* Støttesamtalar

* Elev-foreldrerettleiing

* Tilvising

* Vaksinering v/behov

* Undervisning i grupper eller klasse

Ved støttesamtalar fungerer helsesøster  som vaksenkontakt for born og unge og gjev råd/rettleiing samt føl opp ved behov. Deltek i ansvarsgrupper og i ressursteam mm

Vanlege samtaletema kan vere: foreldre, skilsmisse, sjukdom, mobbing, pubertet, kjæraste, venskap, angst, depresjon, psykisk helse, vold/overgrep, spiseforstyrring, kosthald/ernæring, seksuell identitet, prevensjon, kjønnssjukdomar, abortspørsmål, livskriser, rus mm.

Helsesøster tek og syn og hørselstest, enkle urinprøvar, graviditetstes mm, når det er behov.

 

Helsestasjon for ungdom:

Er open for ungdom to torsdagar pr månad.  Tilbodet er til lege og helsesøster, evt tilviser me vidare til andre, eks psykiatrisk sjukepleiar, psykolog,m.fl. Tilbodet er gratis og ein bestiller time hjå helsesøster.

 

Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish