Skulefritidsordning (SFO)

Kommunen tilbyr skulefritidsordning for barn frå 1. - 4. klasse og for barn med funksjonshemming frå 1. - 7. klasse.

Opningstid:

Alternativ 1. 10 månader: Dette alternativet følgjer skuleruta.
Alternativ 2. 11 månader: Dette alternativet har ope i haustferien, vinterferien, fram t.o.m. 30. juni og f.om. 1. august. I heile juli vert det stengt. Det vert også stent i romjul, påskeferie, samt på skulen sine plandagar. Det må vere minimum 6 påmeldte elevar pr. dag for å halde ope. Tilbodet i feriane er lagt til Kaland barne- og ungdomsskule sin SFO. Årås skule sin SFO er stengt i feriane.

Dagleg opningstid for SFO vert kl. 07.30 til 16.30.

1.-4 trinn på Årås  og 1.-3 trinn på Kaland har fri kvar onsdag og det er då tilbod om SFO heile dagen.

Søknadsfrist for SFO er 15. mai

Søknadskjema for SFO finn du her

Ein kan kontakta skulane direkte om ein ynskjer meir informasjon om SFO tilbodet, sjå også vedtektene for SFO.

Vedtekter for SFO i Austrheim kommune

Prisar for SFO finn du her: Betalingssatsar for Austrheim kommune 2017

Web levert av CustomPublish