Vardetangen foto Olaug Marie Sætre

Skal du gifte deg?

Kommunen har no ansvar for borgarlege vigslar. Tidlegare låg dette ansvaret hos tingretten. 

Før du tar kontakt med kommunen, må du fylle ut og sende nokre skjema som du finn her:

http://www.skatteetaten.no/no/Person/Folkeregister/Ekteskap-og-samliv/Ekteskap/Ekteskap-i-Norge/

Når skjema er sendt inn, får du tilsendt ein prøvingsattest. Attesten er gyldig i fire månader. På bryllupsdato må denne ikkje vere eldre enn 4 månader.

Når de har fått denne attesten, kan de kontakte kommunen for å gjere avtale om vigsel.

Attesten må sendast/leverast til kommunen i original utgåve. Du kan sende, eller levere denne til

  • Austrheim kommune

Sætremarka 2

5943 Austrheim.

De må legitimere dykk med pass, bankkort eller t.d. førarkort. I tillegg må de leggje fram eventuelt opphaldsløyve, dersom det er aktuelt.

I Austrheim er det ein av desse tre personane som kan vie deg:

  • Ordførar Per Lerøy
  • Varaordførar Anne Dahle Austrheim
  • Rådmann Jan Olav Osen

Vi tilbyr vigsel mellom kl. 11. og kl. 14 på kvardagar. I tillegg kan vi gjere avtale om enkelte laurdagar og eventuelt helligdagar.

Stad for vigsel:

Vi brukar Austrheimstova i 2. etasje på kommunehuset. Du kan nytta inngangen frå Tusenårsstaden på baksida av kommunehuset. Då kjem du rett inn i vigselsrommet. Staden utanfor er fin til opphald og fotografering.

I tillegg kan du be om at vigselen føregår andre stader, anten ute eller i eit anna lokale. Viss det er vèr til vigsel ute, kan du t.d. nytta Vardetangen, det vestlegaste punktet på Noregs fastland.

Dersom du nyttar Austrheimstova, er vigselen gratis. Skal vigselen føregå på andre stader i kommunen, må du betale kostnaden med transport, dette vil kosta rundt 1 000 kr.

Dette må du merke deg

  • Fyll ut dei skjema som du må på skatteetaten.no.
  • Prøvingsattesten du får frå skatteetaten.no, er gyldig i fire månader. Attesten må vere gyldig på bryllaupsdagen.
  • Du må levere/sende den originale attesten til kommunen, ikkje ein kopi.
  • Når du har fått attesten, tar du kontakt med kommunen for å avtale dato og kven som kan vie deg.

Lukke til med denne viktige avgjerda det er å gifte seg. Vi skal gjere alt vi kan for at dagen skal bli verdig og minnerik for dykk.  

Web levert av CustomPublish