Sjølvbetjening

Austrheim kommune ønskjer å leggje til rette for at kommunikasjon mellom kommunen og innbyggjarane kan skje elektronisk. Me vil difor gjera stadig fleire elektroniske skjema tilgjengeleg på vår nettside. De vil også finne fleire sjølvbetjeningsløysingar som postlister, kart og planarkivet på desse sidene. Oversikt over alle sjølvbetjeningsløysingar finn de i menyen.

Førebels er dei fleste skjemaa i pdf-format. Desse kan du skrive ut og sende til kommunen i utfylt stand. Der ikkje anna er nemnd, skal du sende desse til Austrheim kommune, Sætremarka 2, 5943 Austrheim eller til post@austrheim.kommune.no. Det er viktig at du ikkje sender skjema som inneheld sensitiv informasjon på e-post.

Ta kontakt med servicekontoret om du treng hjelp.

Web levert av CustomPublish