Sikring og rehabilitering av bygg

Tenesteomtale

Når bustaden eller eit næringsbygg blir skadd av brann, flaum eller anna akutt hending, skal du kunne setje i gang rehabilitering av bygget utan å søkje kommunen og utan å varsle naboar. Ein eventuell førehandskonferanse skal haldast innan 5 dagar etter hendinga.

Eksempel på sikringstiltak er:

  • opning av konstruksjonar og brannskilje
  • etablering av mellombels bering og understøtting
  • mellombels tetting og sikring
  • fjerning av øydelagde bygningsdelar og installasjonar
  • fråkopling av vatn og avløpsleidningar

Målgruppe

Bustadeigarar og bedrifter.

Kriterium/vilkår

Ein må ta vare på persontryggleiken på vanleg måte for å bruke bygget.

Den som er ansvarleg for å sikre bygget, må passe på at sikringstiltaka følgjer reglane i plan- og bygningslova.

Dersom bygget er verneverdig, må eigaren avklare nærare med kommunen før tiltaka blir sette i gang. Dette blir gjort i ein førehandskonferanse som skal gjennomførast innan 5 dagar etter at hendinga skjedde.

Brosjyrar, dokument,
kart og liknande

Tjenesten oppdatert: 29.09.2017 16:10

Web levert av CustomPublish