omsorgfoto Kaland

Ryddehogst på Kaland/Fonnes der omsorgsbustadane skal byggjast

Det vert i februar 2018 ryddehogst i området der omsorgsbustadane på Kaland skal byggjast. 

På grunn av at vatn og avløp-systemet skal skiftast ut vert det også fjerning av tre, busker og kratt ned mot sjøområdet, men og elles i området der det er naudsynt. Det skal og fjernast tre og kratt der gangvegar og anna infrastruktur skal etablerast.  Austrheim kommune ber om forståing dersom det vert støy og andre ulemper frå entreprenør som skal gjera dette hogst- og ryddearbeidet. Etter arbeidet er ferdig vert dette eit opent område der soltilhøve og utsikt vert betre for mange omkring.

 

Målet er å starta opp med byggjearbeid for 7 omsorgsbustadar i 2019. Husbanken har motteke «søknad» frå Austrheim kommune om tilskot til dette arbeidet. Bygginga av omsorgsbustadane og naudsynt infrastruktur skal ut på offentleg anbod på vanleg måte. Formannskapet har tilrådd ei byggjenemnd for omsorgsbustadane. Det er sett av midlar i kommunebudsjettet til dette arbeidet.

Web levert av CustomPublish