Rettleiar sosial i Austrheim Nav

Sosialtenesta søkjer medarbeider tilknytta Nav. Er du sosionom eller har anna relevant høgskuleutdanning, er du

kanskje den vi leitar etter? Om du ynskjer å bidra til gode tenester for våre brukarar og du trivest i ein hektisk og

spanande arbeidskvardag, er det nettopp deg vi søkjer.

Frå 15.10.18 er det ledig ei 100 % fast stilling som rettleiar i Nav sosial Austrheim

Opplysninger avdeling

Stillinga er plassert i Austrheim Nav. Der er i tillegg ein sosionom og to flyktningesekretærar. I tillegg er to statleg

Nav-tilsette tilstades to arbeidsdagar for veka. Austrheim kommune står framfor ei vurdering om det skal opprettast eit

samarbeid med Fedje, Gulen, Masfjorden og Modalen om eit samla og større Nav-kontor. Ein legg opp til å konkludere i

dette spørsmålet innan 2019.

 

Arbeidsoppgåver

Kartleggje behov, gje råd og rettleiing. Motivere for tiltak som kan bidra til aktivitet. Sakshandsaming økonomisk

sosialhjelp og oppfølging. Arbeid med økonomisk rettleiing og gjeldsrådgjeving er lagt til stillinga. Arbeidsoppgåver i

høve til rus/psykiatri inngår og. I tillegg inngår arbeid i publikumsmottak og andre oppgåver i Nav-kontoret si

oppgåveløysing.

 

Fullstendig utlysing og elektronisk søknadsskjema finn du her

Web levert av CustomPublish