Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne

Rådet for funksjonshemma er eit samarbeids- og rådgjevande organ for kommunen. Rådet skal fremja funksjonshemma sine interesser i høve til kommunale vedtak, tilbod og tenester.

Rådet for funksjonshemma vart oppretta i 1992 etter vedtak i heradsstyret.

Rådet skal ivareta og fremja funksjonshemma sine interesser og rettar på alle samfunnsområde. Rådet skal medverka til tilrettelegging for aktiv deltaking i samfunnet samt fremja gode ofentlege tenester og tilbod.

Rådet får sakslister til formannskap og heradsstyre og kan gje uttale til dei sakene dei ynskjer.

Dei kan og ta opp andre saker på eige initiativ. Hovudansvaret er å ivareta funksjonshemma sine interesser i dei sakene som er til behandling.

Medlemmer 2015-2019:

Medlemmer Varamedlemmer
Atle Utkilen (leiar) Olav Hop
Elsa Skare Tone Rugset
Solbjørg Sætre (eldrerådet)  
Viggo Leirvåg, H (k-styret) Hardy Pedersen, Ap (k-styret)
Monika Torphe, Ap (k-styret) Randi Dyrøy, KrF (k-styret)

Assisterande rådmann Olav Mongstad er sekretær for utvaldt

Web levert av CustomPublish