Psykisk helse - Austrheim

Psykisk helse er ein del av helsetenestene i Austrheim. Avdelingsleiar er kommuneoverlege Peter Kubon. Fagleiar for psykisk helse er psykiatrisk sjukepleiar Kristine Fanebust.
Fagleiar er den som tek i mot henvendelsar. Tenesta er eit lågterskel tilbod innan psykisk helse i kommunen. Det vil sei at det skal vera lett å ta kontakt og å få rimeleg rask hjelp.
Telefon til fagleiar er 56168213 mob.90090954

Oppgåvene er å delta i behandling og tilrettelegging av tiltak for personar med psykiske lidingar, kriser og vanskelege livssituasjonar. Samt delta i førebyggande arbeid blant barn og unge, pluss vera rettleiar for anna helsepersonell.

Har nært samarbeid med legetenesta og spesialisthelsetenesta der det er naudsynt.

Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish