Prosjektleiar for implementering av velferdsteknologi

Masfjorden kommune, som vertskommune, har fått skjønnsmidlar frå fylkesmannen for 1 år i første omgang med

mogeleg forlenging fram til 2019 for å arbeide med velferdsteknologi i kommunane: Masfjorden, Gulen, Modalen,

Vaksdal, Osterøy, Austrheim og Fedje.

Prosjektet kan verte gjennomført og organisert saman med andre prosjekt om velferdsteknologi i kommunane.

 

Me søkjer etter prosjektleiar i 50 % stilling.

 

Masfjorden kommune er arbeidsgjevar og prosjektansvarleg, men oppgåvene skal utførast i alle kommunane som er

med i prosjektet. Ein må rekne med ein del reiseaktivitet i stillinga. Kontor og oppmøtestad kan avtalast ved tilsetjing.

 

Arbeidsoppgåver

*   Delta i gjennomføring av prosjektet utifrå søknad og tildeling av skjønsmidlar i samsvar med Fylkesmannen sine

føringar og målsetjingar.

*   Gjennomføre tiltak i planar for kompetanseoppbygging og implementering i dei enkelte kommunane saman med

andre prosjekt om velferdsteknologi i kommunane. 

*   Sikre måloppnåing

*   Resultatrapportering

 

Kvalifikasjonar

*   Utdanning med universitets- eller høgskuleutdanning

*   Kunnskap og erfaring med velferdsteknologi

*   Kunnskap/ erfaring for helse og omsorg

*   Utdanning eller erfaring med administrasjon og leiing

*   Kunnskap og erfaring frå gjennomføring av prosjekt

*   Engasjert og sjølvstendig medarbeidar

*   Tar initiativ og har ei løysningsfokusert tilnærming til arbeids - og utviklingsoppgåvene

*   Fleksibel, evne og vilje til samarbeid

*   God skriftleg og munnleg framstillingsevne

 

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetjing.

I tillegg vil samarbeidsevne, evne til å arbeide både sjølvstendig og tverrfagleg, samt det å være løysingsorientert være

eigenskapar som blir vektlagt.

 

Språk

*   Norsk

 

Me tilbyr

*   Løn etter kvalifikasjonar

*   Spanande arbeidsoppgåver og tverrfagleg samarbeid

*   Engasjerte kollegaer i eit godt arbeidsmiljø

 

 

Søknadsfrist    30.07.2017                                 Utlyst dato        04.07.2017                           Vårref                  172

 

Kontaktperson

Helga Irene Ellingsen, Helga.Ellingsen@masfjorden.kommune.no

Web levert av CustomPublish