Vassventil

Problem i vassforsyninga

Diverre har det vorte litt mange problem i vassforsyninga i det siste. Ironisk nok også denne sommaren der det i alle fall har kome nok nedbør.

Problemet i sommar har vore å få nok vatn og nok trykk i høgdebassenget på Årås. Mange av abonnentane har uttrykt frustrasjon over situasjonen og vi klaga over dei ulempene dette har medført.  På kort sikt er problemet utbetra gjennom reparasjon og skifte av ein ventil på Kaland. No er det bra trykk i vatnet og kommunen ved ordførar, har snakka med nokre av dei som var hardast råka av vassmangelen. Det ser heldigvis ut som om problema er utbetra.

Det vert arbeidd vidare med utbetringar som skal sikra forsyninga på lengre sikt. Ekstra vassleidningar, ringvassystem, betre varslingsutstyr og fornying av ventilar og anna utstyr er noko av det ein arbeider med.

No vonar vi at vassforsyninga held seg stabil framover og at alle har vatn i springane sine. Om det er nokon som opplever bortfall av det kommunale vatnet, er det fint om vi får beskjed om dette så raskt som råd er.

Web levert av CustomPublish