Postliste

Austrheim kommune ønsker at innbyggjarane skal ha høve til å følgje med på kva som skjer i kommunen vår og vi har postliste med publiserte tekstdokument tilgjengeleg via innsyn.

Dagleg vert all arkivverdig post skanna og journalført i vårt sak-/ arkivsystem, og det er via dette systemet sakshandsamarane mottek sin post. Dette gjeld både brevpost, e-post og anna elektronisk post.

 

 

Vi gjer merksam på at dokument frå nokre av våre fagsystem ikkje er tilgjengeleg frå postlista. Dette gjeld fyrst og fremst arkiverte dokument knytta til personar som til dømes klientarkiv og pasientarkiv innan helse- og omsorg. I tillegg er nokre arkivdelar i sak- /arkivsystemet, som stort sett inneheld sensitiv informasjon, også unnateke frå postlista, dette gjeld elev- og barnehagearkivet. Innimellom vil ein sjå dokument på postlista som ikkje er publisert, IP, desse inneheld då informasjon som ein ikkje kan gjere allmennt tilgjengeleg. Les meir om publisering av dokument  - §7 i forskrift til offentleglova)

Postlista vert publisert med nokre dagar forseinking slik at vi kan kvalitetssikre og kontrollere dokumenta før dei vert publisert ut.
 

Tenk på dette før du sender post til Austrheim kommune:

  • All inn- og utgåande kommunal post er offentleg, om den ikkje inneheld informasjon som er underlagt teieplikt.
  • All offentleg post er tilgjengeleg på internett via postlista. Det vil seie at både du og andre kan les brevet/e-posten din her.
  • E-post til kommmunen bør innehalde fult navn, men ikkje andre personopplysningar som til dømes fødselsnummer eller personnummer. Sensitiv informasjon om helse og diagnoser skal ein ikkje sende pr. e-post. På heimesida vår har vi fleire elektroniske skjema som ein kan fylle ut og sende sjølv om det inneheld slik informasjon.
     

Har du spørsmål om innsyn og saker ta kontakt med Servicekontoret t. 56 16 20 00

 

Postlista for Austrheim kommune finn du ved å klikke her

Web levert av CustomPublish