Politisk sekretær/sakshandsamar

Har du lyst å jobbe i skjæringspunktet mellom politikk og administrasjon?

 

Austrheim kommune har ledig fast 100 % stilling frå og med 01.11.2018 som politisk sekretær/sakshandsamar med

særskilt ansvar som møtesekretær.

Opplysningar avdeling

Stillinga er plassert I Servicekontoret. Servicekontoret har totalt 4 stillingar og er kommunen sitt andlet ut mot publikum.

Arbeidsoppgåvene er i stor del teambasert og rullerar internt i kontoret.

Servicekontoret er organisert med ein dagleg leiar som rapporterer til assisterande rådmann.

 

Arbeidsoppgåver

Stillinga som politisk sekretær har som hovudoppgåve å vere møtesekretær for politiske utval i kommunen, inkludert

førebuing og etterarbeid. I tillegg kjem andre arbeidsoppgåver ved Servicekontoret, som oppdatering av heimeside,

journalførig av post, arkivarbeid og noko sakshandsaming. Som møtesekretær må ein rekne med ein del arbeid ut over

ordinær arbeidstid.

 

Krav til kompetanse

Kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk og jobben krev god skriftleg framstillingsevne.

 

Vi ønskjer ein samarbeidsvillig og serviceorientert medarbeidar med relevant utdanning eller erfaring og gode

IT-kunnskapar. Kjennskap til relevante lover og regelverk, samt erfaring frå offentleg verksemd er ein fordel. Du må ha

evne til å arbeide sjølvstendig og til å takle mange oppgåver i ein hektisk kvardag, vere strukturert og samstundes

fleksibel.

 

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

 

Informasjon om stillinga

For nærare opplysningar kontakt assisterande rådmann Olav Mongstad på telefon 56 16 20 00.

 

Vi kan tilby

Arbeidsvilkår etter gjeldande lover, reglar og avtaleverk.

 

Austrheim kommune er ein spanande arbeidsplass med eit godt arbeidsmiljø, og vi ønskjer deg velkommen som søkjar.

Kommunen har offentleg pensjonsordning i KLP. Løn i stillingskategori sakshandsamar, elles etter avtale og

kvalifikasjonar.

 

Søknad vert å senda

Søkjar må bruke det elektroniske søknadskjemaet som ligg på kommunen sine nettsider,

www.austrheim.kommune.no Spørsmål om korleis du søkjer, kan rettast til servicekontoret på tlf. 56162000.

 

 

Søknadsfrist    06.08.2018                                 Utlyst dato        19.06.2018                           Vårref                  19

 

Kontaktperson

Olav Mongstad, mobil: 91374696, olav.mongstad@austrheim.kommune.no

Web levert av CustomPublish