Personvernerklæring for elektroniske skjema

Denne erklæringa gjer greie for korleis omsynet til personvern vert handtert av Austrheim  kommune i samband med innsamling av personopplysningar. Ved bruk av våre elektroniske løysingar, ønskjer vi at du skal kjenne deg trygg på at gjeldande lover og føresegner vert følgt. Sikker handsaming av data vil til ei kvar tid vere dokumentert etter gjeldande lovverk.

Føremålet med handsaminga av personopplysningar

Opplysningar du gjev i skjemaet vert oversendt til Austrheim kommune. Opplysningane gjer kommunen i stand til å handsame din førespurnad. Opplysningane du gjev vert handsama på same måte som om du hadde sendt inn eit papirskjema.

 

Lov om behandling av personopplysningar

Denne personvernerklæringa følgjer regelverket i Lov om behandling av personvernopplysninger (personopplysingsloven) av 01.01.2001 og ny personopplysningslov av 15.06.2018 med tilhøyrande føresegn når den trer i kraft. 

 

Kven er ansvarleg for handsaming av personopplysningane?

Rådmannen i Austrheim kommune er etter lova handsamingsansvarleg i Austrheim kommune. Det daglege ansvaret for pliktene til den handsamingsansvarlege er lagt til kommunen sine einingsleiarar.

 

Om samtykke

Dersom du vurderer  at personvernet ditt er sikra ved denne erklæringa, samtykkjer du til lagring av dei innsamla data om deg. Samtykket godkjenner våre retningsliner for personvern og gjeld som samtykke for korleis me handsamar opplysningane.

 

Lagring av opplysningar

Opplysningane du har tasta inn vil ikkje vere tilgjengeleg for mottakar, Austrheim kommune,
eller andre før du bestemmer deg for å sende inn skjemaet. Ved å velje "send", har du samstundes samtykt i at Austrheim kommune kan få og lagre desse opplysningane.
Relevant informasjon kommunen alt har, vert automatisk henta opp når du startar ein ny prosess.

 

Sikker dataoverføring

All overføring av opplysningar mellom din datamaskin og vår server går føre seg via sikra datakommunikasjon. Løysinga tilsvarer tryggleiken som vert nytta av nettbankane.

 

Rett til innsyn og rett til sletting av personopplysningar

Du har rett til å sjå opplysningane du har sendt inn. Dersom du finn opplysningane unøyaktige eller ufullstendige, kan du krevje å få opplysningane endra eller sletta.

 

Kva om du ikkje samtykker?

Dersom du ikkje samtykker i at personvernet er godt nok, vil du ikkje kunne nytte elektronisk skjermdialog. I staden ber vi deg nytte utskriftsvennlig versjon av skjema.

Kontakt Austrheim kommune.

 

Vidareformidling

Vi skal ikkje selje, bytte eller på anna vis vidareformidle informasjon av nokon art, om deg, til tredjepart utan at du samtykkjer til dette.

 

Kontakt

Dersom du har spørsmål om personvernerklæringa, kan du kontakta beredskapskontakt Stein Kåre Løvslett  på 56 16 20 00 eller post@austrheim.kommune.no.

 

Web levert av CustomPublish