Personvern og GDPR

 

PERSONVERNERKLÆRING

Austrheim  kommune som forvaltningsorgan

Tenestestader, kontor og andre som førebur saker ,fattar vedtak og yter tenester , utgjer forvaltningsorgana i kommunen. Slike organ skal hjelpa til å sikra rettane til innbyggjarane.

For å kunne utføre oppgåvene som er lagt til forvaltningsorgana i kommunen er det naudsynt å ha tilgang til forskjellige typar opplysningar om den som treng eller har rett til hjelp. Naudsynte opplysningar kan verte henta frå den einskilde brukar eller frå andre der forvaltningsorgana i kommunen kan hente inn opplysningar med heimel i lov. Dette kan også vere andre forvaltningsorgan i kommunen.

Opplysningane skal berre nyttast til det føremålet dei er innhenta, med mindre det er heimel for anna handsaming av opplysningane.

Dersom ikkje forvaltningsorganet har heimel i lov til å innhente opplysningar frå deg eller det er klårt at bruken av opplysningane er ein føresetnad for at ei teneste kan verte utført, er det frivillig å gje opplysningar til kommunen sine forvaltningsorgan. Ver merksam på at dersom du vel å ikkje gje opplysningar, er det ikkje sikkert at kommunen har naudsynt informasjon til å kunne yte dei tenestene du etterspør.

Rett til personvern og teieplikt

Alle som utfører teneste for eit forvaltningsorgan, pliktar å hindre at andre får tilgang eller kjennskap til det han eller ho får vite om nokon sine personlige tilhøve.

I enkelte saker er teieplikta særskilt streng.

Lov om behandling av personopplysningar

Denne personvernerklæringa følgjer reglane i lov om behandling av personopplysninger (personopplysingsloven) av 01.01.2001 og deretter personopplysningsloven av 15.06.2018 med tilhøyrande føresegn.

Rådmannen i Austrheim kommune er etter lova handsamingsansvarleg i Austrheim kommune. Det daglege ansvaret for pliktene til den handsamingsansvarlege er lagt til kommunen sine fagsjefar.

Rett til informasjon om handsaminga av personopplysningar

Alle som ber om det, skal få vite kva informasjon kommunen har om eigen person, og korleis desse opplysningane vert handsama.

Du har rett til innsyn

Du har rett til å kontakte våre avdelingar og be om å få vite kva opplysningar dei har om deg, kva opplysningane skal nyttast til,lovheimel for bruken av dei,  og kor dei er innhenta frå. Dette gjeld så vel elektroniske som manuelle register. Du skal få svar innan 30 dagar.

Du kan  krevje at feilaktige eller mangelfulle opplysningar om deg vert retta. Du kan også krevje at vedtak gjort på grunnlag av feile eller mangelfulle opplysningar vert annulerte.
I utgangspunktet skal vi av eige tiltak rette opplysningar som er mangelfulle eller feil. Men det er ikkje alltid lett for den som handsamar store mengder opplysningar å bli klar over at noko manglar eller er feil.

Vi tilrår at innsynsretten vert brukt og at du gjev melding til avdelinga det gjeld om feil og manglar.

Du kan krevje at opplysningar om deg som ikkje er naudsynt for forvaltninga, vert sperra eller sletta.

Vi slettar eller sperrer opplysningar som ikkje lenger er naudsynte for føremålet med registreringa. Dette gjeld ikkje dersom anna lovgjeving pålegg oss å oppbevare opplysningane. Til dømes kan dette gjelde rekneskapslova og arkivlova.

Du skal kunne utøve dine rettar gratis.

Når du ber om innsyn, retting og sletting, er dette gratis.

Vidareformidling

Vi skal ikkje selje, bytte eller på anna vis vidareformidle informasjon av nokon art, om deg, til tredjepart utan at du samtykkjer til dette, eller dette er ein føresetnad for at du skal få ei teneste du har etterspurd.

Informasjonstryggleik

Vi har etter personopplysningslova ansvar for å syte for at personopplysningane er tilstrekkeleg sikra.

Vi har, mellom anna etter prioriteringar frå risikoanalysar, innført rutiner som skal gje naudsynt tryggleik.

Vi sikrar at berre dei som treng tilgang til opplysningane for å utføre arbeidsoppgåver har tilgang til dei. Vidare sikrar vi at opplysningar ikkje kan endrast eller slettast av andre enn dei som er autorisert til å gjere dette.

Vi sikrar at personopplysningane er tilgjengelige når det er naudsynt for å utføre våre arbeidsoppgåver, for å gje deg best mogleg tenester.

Vi går gjennom rutinene våre periodisk slik at tryggleiken til ei kvar tid skal vere så god som mogleg. Dersom vi oppdagar at ei rutine ikkje er følgt, vert dette grundig følgt opp.

Kontakt med Austrheim kommune om personvern

Dersom du har fleire spørsmål om handsaming av personopplysningar kan du ta kontakt med beredskapskontakt  Stein Kåre Løvslett på 56 16 20 00 eller post@austrheim.kommune.no.

 

 

Trykk her for å gå til Datatilsynet sin side om korleis du kan klage.

 

Web levert av CustomPublish