Pedagogisk-psykologisk teneste

PPT

PPT er kommunen sin einaste sakkunnige instans som føretek utgreiing i høve born/unge sine rettar til spesialundervisning etter § 5.1 i opplæringslova. Hovudspørsmålet for vurdering av spesialundervisning er: Har barnet tilfredsstillande utbyte av opplæringa? Foreldre og tilsette i barnehage og skule kan søkja råd i spørsmål som gjeld trivsel, utvikling og opplæring for barn og ungdom. Ungdomar og vaksne kan ta direkte kontakt.

Dagtid: kl. 08.30 - 15.30
Sentralbordet er ope: kl. 08.00 - 15.30
Telefon : 56162000

PPT skal arbeida på systemnivå for å auke barnehagar og skular sin kompetanse, slik at dei i best mogeleg grad kan gje born og unge tidleg hjelp og rett hjelp.


PPT samarbeider tett med skular og barnehagar. PPT har etter lova eit ansvar i å hjelpa skulen i arbeidet med å gjera undervisninga tilpassa elevane sine behov for å skapa mestring og god sjølvkjensle. PPT har fokus på kva faktorar i systemet rundt barnet som endrast for at barnet skal ha tilfredstillande utbyte av opplæringa. PPT er ein stad der føresette, lærarar og førskulelærarar kan søkja råd og rettleiing i tilhøve som har med barna sin trivsel, tilpassing og opplæring å gjera. Ungdomar over 15 år kan også sjølve ta direkte kontakt med PPT.


DØME PÅ KVA TYPE VANSKAR PPT ARBEIDER MED?
-  lærevanskar/fagvanskar
-  språk- og talevanskar
-  lese-/skrivevanskar
-  barn med redusert funksjonsevne
-  psykiske vanskar
-  skulevegring
-  mistrivsel i heim, skule eller barnehage
-  ulike typar utviklingsvanskar
-  angst
-  mobbing

KORLEIS ARBEIDER PPT?

SYSTEMRETTA arbeid i barnehagar og skular: Vårt førebyggjande arbeid har fokus på kompetanseheving og organisasjonsutvikling i barnehage og skule og med særskilt fokus på tidleg innsats. I Austrheim er  til dømes DUÅ til barnehagetilsette og PALS  i grunnskulane døme på systemretta arbeid som PPT deltek i.  PPT er også delaktig  i felles prosjekt for grunnskulen i Austrheim « Vurdering for læring». På Fedje skule er PPT med i det tverrfaglege arbeidet med å opprette eit ressursteam. Føremålet med ressursteamet er å koordinere ressursane som finst inn imot elevgruppa/eleven i skulesituasjonen på eit tidleg tidspunkt.


INDIVIDNIVÅ:
UTGREIING: Først har vi ein samtale med foreldra som kjenner barnet best og innhentar informasjon og kartleggingsresultat frå bhg/skule, deretter føretek vi ei fagleg kartlegging som inneheld observasjon, testar og samtaler. Denne utgreiinga skal gje oss eit fullstendig bilete av eleven sine føresetnader og behov i aktuell opplæringssituasjon.

SAKKUNNIG VURDERING: PPT føretek ei sakkunnig vurdering som baserer seg på kartlegging, og tilrår tilrettelegging av opplæringssituasjonen med utgangspunkt i føresetnadene til eleven. PPT gjev også sakkunnig vurdering i høve utsett/framskunda skulestart, spesialundervisning og fritak frå opplæring.  PPT tilrår spesialundervisning dersom eleven ikkje har tilfredsstillande utbyte av den ordinære opplæringa, eller den kan konkludera at eleven har tilfredsstillande utbyte av opplæringa, og PPT føreslår då tiltak for tilpassa undervisning og endring i strukturar i miljøet kring barnet.  PPT kan gje oppfølging i form av rettleiing til føresette og tilsette i barnehagar/skular. Ved behov, vert barnet henvist vidare til 2.linjetenesta.

Kontakt med PPT:
Når andre enn foreldra ynskjer at barnet skal få hjelp frå PPT, må alltid foreldra vera einige i at det blir teke kontakt. PPT-kontoret må ha skriftleg samtykke før vi kan starta utgreiing, men foreldra er velkomne til å drøfta problem eller spørsmål når dei er usikre på utviklinga til eit barn eller ungdom.

- Alle tilsette ved PPT-kontoret har teieplikt
- Alle tenester ved PPT-kontoret er gratis

Tilvisingar blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Uttalen frå PPT er eit ledd i saksførebuinga før det blir gjort vedtak om spesialundervisning o.a.

Tilsette i PPT i Austrheim
Solveig Beate Elvik - Fagleiar PPT
Eli Aarnes Lerøy  - Logoped MNLL
Mariann Litleskare  - Spesialpedagog
PPT har kontor i 2. etasje på kommunehuset. PPT i Austrheim er organisert i Rådmannens Stab.  Oppvekstsjef er Torleiv Frotjold.

Web levert av CustomPublish