Du er her: Start»Politikk»Ordførar

Ordførar Per Lerøy

Kontoradresse:
Austrheim kommune
Setremarka 2
Telefon: 56 16 21 12
Mobiltelefon: 94506747
Telefaks: 56 16 20 01
E-post: ordforar@austrheim.kommune.no
Parti : Arbeidarpartiet
 

Fotograf: Anita Soltveit

Ordførar Per LerøyfotografAnita Soltveit

 

Etter valet hausten 2015 vart Per Lerøy vald som ordførar. Dette vert hans 2. periode som ordførar. Han er innvald for Arbeidarpartiet. Per Lerøy har vore med i kommunestyret sidan 2003. Han har permisjon frå stilling ved Statoil Mongstad.
Per Lerøy vart vald som ordførar med røystene frå AP, SP og KRF basert på eit valsamarbeid mellom desse 3 partia.


Ordføraren er kommunen sin øvste politiske leiar og er og rettsleg representant for kommunen. Av viktige oppgåver kan nemnast møteleiing i kommunestyre og formannskap, vera talsperson for kommunen overfor regionale og sentrale mynde, og elles vera ein pådrivar for positiv utvikling i kommunen til beste for innbyggjarar og næringsliv.


Av andre verv som ordføraren har, kan vi nemna at han er medlem i Regionrådet Nordhordland IKS, og er med i fleire andre regionale og kommunale organ.


Per Lerøy legg vekt på å utvikla godt samarbeid mellom partia i kommunestyret. Kommuneøkonomien er stram og fokus på økonomistyring er nødvendig. Auka fokus på vedlikehald av kommunale eigedommar er ei klar prioritering for ordføraren og formannskapet.

Målet er å oppretthalda gode tenester og tilbod til folk i Austrheim.

Web levert av CustomPublish