Oppmålingsforretning

Ved oppmålingsforretning etter Matrikkellova vert grenser og rettar knytt til fast eigedom klarlagt, justert, merka, målt og kartfesta.
 

Oppmålingsforretning

• Varsel om oppmålingsforretning skal sendast alle partar seinast 2 veker før forretninga vert halde. Kortare varslingsfrist kan avtalast med partane.
• Alt som kjem fram under oppmålingsforretning skal dokumenterast i protokollen for oppmålingsforretninga.
• Matrikkelførar skal sjå til at all naudsynt dokumentasjon ligg føre og alle vilkår er oppfylt, før endringar vert utført i matrikkelen.
• Etter matrikkelføringa er utført, vert det skrive ut eit matrikkelbrev som er ei oversikt over det som er registrert på vedkomande eigedom om eigedomsgrenser, bygningar og adresse.

Oppmålingsforretning er påkrevd før følgjande kan førast inn i matrikkelen (Jf Ml §6)

• ny grunneigedom, ny anleggseigedom, ny festegrunn eller nytt jordsameige,
• umatrikulert grunneigedom eller umatrikulert festegrunn,
• registrering av uregistrert jordsameige eller endring i registrert sameigefordeling,
• opplysningar om arealoverføring, grensejustering og klarlegging av eksisterande grense, eller
• eigarseksjon som omfattar uteareal, eller nytt eller endra uteareal til eksisterande eigarseksjon.

Oppretting og arealoverføring av grunneigedom, festegrunn og anleggseigedom er søknadspliktige tiltak etter plan- og bygningslova, jf. pbl. § 26-1.
Rekvisisjon av oppmålingsforretning er då ein del av søknaden.


Grensejustering, grensepåvising, matrikulering av umatrikulert grunn, matrikulering av jordsameige og oppmåling av uteareal for eigarseksjonar krev ikkje godkjenning, men søkjar må fylla ut skjema ”rekvisisjon av oppmålingsforretning” og senda til kommunen.
Oppmålingsforretning er ikkje naudsynt for å matrikkelføre samanslåing, referanse til avtale om eksisterande grense, eller fastsetjing av samla fast eigedom, jf. matrikkellova §§ 18, 19, 20.

Vilkår

Etter Matrikkellova §17 kan oppmålingsforretning med klarlegging av eksisterande grenser krevjast av

• den som har grunnboksheimel til eigedomen, dvs grunneigar
• den som har festa det aktuelle grunnarealet for meir enn ti år, dvs registrert festar
• kommune, fylkeskommune og stat

Etter Matrikkellova §§ 9, 15, 16 kan oppmålingsforretning som fører til matrikkelføring av ny grunneigedom eller som omfattar arealoverføring eller grensejustering krevjast av:

• den som har grunnboksheimel som eigar av grunneigedom, ansleggseigedom eller registrert jordsameige som den nye eininga blir delt frå eller oppretta på,
• den som ved rettskraftig avgjerd ved domstolane er kjent som eigar eller festar, eller er tilkjent rett til å krevje at eit bestemt grunnstykke eller anlegg blir oppretta som eiga matrikkeleining,
• den som lovleg har overteke grunn eller anlegg ved ekspropriasjon,
• den som lovleg har etablert, eller fått løyve til å etablere, fast anlegg på eigarlaus sjøgrunn eller i eigarlaus undergrunn,
• den som med heimel i lov utøver eigarrådvelde over grunnen når ingen har grunnboksheimel til denne,
• staten, fylkeskommunen eller kommunen når grunnen er tileigna til offentleg veg- eller jernbaneformål,
• staten eller kommunen dersom forretninga gjeld frådeling av heile teigar, eller når eininga blir delt av kommunegrense, eller
• den som har innløyst festegrunn etter føresegnene i lov om tomtefeste.

Krav til dokumentasjon

• Søknad levert på fastlagd skjema
• Situasjonskart og ev kopi av eigedomskart, skyldskifte, jordskiftekart e.l.
• Nabovarsling. Gjenpart av nabovarsel skal liggje ved rekvisisjon om oppmålingsforretning.
Der søknaden gjeld areal som skal festast vekk i meir enn 10 år, eller oppretting av ny eigedom skal ein følgje prosedyre for søknad om deling av grunneigedom.

Handsamingstid
Matrikkellova set krav om at søknader skal vere avgjort innan 16 veker dersom kommunen skal kunne ta fullt gebyr.

Kvalitetsmål
Kommunen skal ved oppmålingsforretning syte for at nye og gamle grensemerker vert tydeleg merka, innmålt og lagt inn i eigedomskartet. Stadbundne rettar på eigedommen skal også så langt det er råd klarleggast og stadfestast.

Anna informasjon
Har du kopi av gamle grenseskildringar (skyldskifte, utskiftingsprotokollar m.m) bør kopi leggjast ved søknaden.
Du kan få situasjonskart ved å venda dykk til kommunen.

Gebyr
Pris på tenesta er bestemt i gebyrregulativet.
Gebyr skal betalast etter det regulativet som gjeld når saka vert fremja for kommunen. Etter matrikkelforskrifta §19 har kommunen 16 vekers frist til å fullføra oppmålingsforretning og matrikkelføring, etter at alle godkjenningar og vilkår ligg føre. Dersom fristen ikkje vert halden skal kommunen redusere gebyret med 1/3. Dersom det går ytterlegare 2 mnd over frist, skal gebyret kuttast med ytterlegare 1/3.

Klage
Heimelshavar, eigar og festar som ei avgjerd får noko å seie for, kan klage på ei oppmålingsforretning. Klaga skal sendast til kommunen. Klagefristen er 3 veker etter mottak av matrikkelbrev eller etter underretning om føring i matrikkelen.

Web levert av CustomPublish