Frå turen i Øksnesmarka

Frå turen i Øksnesmarka

- tur i gamalt kulturlandskap og mellom flotte fiskevatn

Øksnesmarka

Turtavle Øksnesmarka.pdfTurløypa i Øksnesmarka,  Rebnor - Årås – Øksnes.  Merka rundløype på omlag 5,5 km. Turen går i lett og variert terreng , (godt skotøy eller støvlar, då ein del av stien går over myr). Ein passerer fleire småvatn undervegs der det finst aure. Mellom Øksnes og Rebnor går stien forbi ein rasteplass med gapahuk, bord og grillpanne. Mellom Rebnor og Årås passerer ein Hammarsvatnet der ein kan få aure på over halvkiloen. Rett over dette vatnet ligg Hammarsnuten. Her er det utsikt til alle kantar og ein kan sjå langt på klåre dagar. Langs løypa finn ein fleire stader restar etter torvhus og merke i myra etter torvtaking. Den siste grunneigaren tok torv fram til midten av 1980-talet.

 

Les meir om rundturen Årås - Øksnes - Rebnord - Årås på ut.no

Turtavle for Øksneset - klikk her

Web levert av CustomPublish