Vest ved Vardetangen framside 2

Bokslepp på kyrkjelydshuset onsdag 31. oktober

Ny bok frå kyst- og sogelaget

Austrheim kyst- og sogelag er klare med si tredje bok, «Vest ved Vardetangen III», der dei har samla lokalhistorie frå Austrheim. I denne tredje boka frå laget handlar det mykje om korleis landbruket er utvikla framover tida, og linjene er dregne opp heilt frå steinalderen og fram til rundt 1980.

Det å dyrka jorda var viktig for å sikra seg mat til hushaldet og inntekter. I Austrheim er der ikkje berre dyrka gras til sau og kyr, og grønsaker til eige bruk og sal, men også tomat i drivhus og solbær på friland.

 

Som elles i samfunnet har landbruket vore gjennom ei stor utvikling med mekanisering, og betre kommunikasjonar gjer at dei mange små meieria er erstatta av mjølkebilen som hentar på gardane og leverer i Bergen. I boka kan ein lesa om korleis mange av dagens grøne bøar er resultatet av tungt arbeid med grøfter, og om sitkagran som vart planta i belte for å gje livd til folk og fe.

 

Årets utgjeving har også med historier frå sjøfarten, med forteljinga om D/S Masfjord som forliste ved Solesjøen i 1918. Ni menneske miste livet, men skipet vart heva og sett i drift att, før det til sist forliste igjen i 1944 ved Duesund i Masfjorden. I boka kan ein også lesa om D/S Lindås som sikra seg ei stor bergingsløn ved å berga amerikaskipet «San Remo» frå forlis.

 

Boka har også med forteljingar om lokale krigsseglarar, der mange miste livet, og for dei som overlevde var det ikkje lett å finna seg arbeid att.

 

Kyst- og sogelaget inviterer til bokslepp i kyrkjelydshuset på Austrheim onsdag 31. oktober, der dei vil presentera boka og har den for sal.

Web levert av CustomPublish