Nordhordland legevakt

Nordhordland legevakt gir hjelp med helseproblem som ikkje kan vente til vanleg kontortid. Står liv og helse på spel? Ring 113

Nordhordland legevakt er ei teneste for kommunane Austrheim, Fedje, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen og Radøy.

Nordhordland legevakt hjelper deg når det hastar.

Nordhordland legevakt gir hjelp med helseproblem som ikkje kan vente til vanleg kontortid. Her er nokre eksempel:
•Smerter i brystet eller magen
•Pustevanskar
•Akutt sjukdom/skade eller alvorlig forverring
•Nedsett allmenntilstand hos barn
•Alvorlig psykisk sjukdom
•Mistanke om komplikasjonar i svangerskap
•Kuttskader som må syast

Legevakta er ikkje meint for deg som har ein vanlig forkjøling eller sjukdom over fleire dagar utan akutt forverring.

Om du må vente, er det fordi andre treng hjelp raskare.
På Nordhordland legevakt hjelper vi alltid dei sjukaste først. Pågangen varierer, og legen kan også bli kalla ut til akutte hendingar. Derfor kan vi ikkje gje deg ein "fast" time. Om du må vente, er det fordi vi prioriterer andre som kanskje er i livsfare.


 Betaling på Nordhordland legevakt
•Nordhordland legevakt krev betaling etter faste takstar. Om du betaler kontant eller med kort, unngår du faktureringsgebyr.
•Prisliste heng på venterommet.
•Ta med eventuelt frikort.
•I nokre tilfelle kan du få refundert transportutgifter. Det kjem an på kor alvorleg tilstanden din er.
•Telefonrådgiving er gratis.

Besøksadresse:

Kvassnesvegen 48A, 5914 Isdalstø

Kontaktnummer:

Nødnummer: 113
Legevakt: 56 35 10 03

NB: Alle telefonsamtaler til Nordhordland legevakt vert lagra på lydlogg. Du møter autorisert sjukepleiar i telefonen.

Web levert av CustomPublish