Miljøretta Helsevern

Lov om folkehelsearbeid ( Lov nr 29 av 240611)  kap 3 omhandler Miljøretta helsevern : (MHV)

Kommunen er ansvarleg  etter lova, og oppgåvene har gått frå å vere  eit sektoransvar til å omfatte alle einingane.

Folkehelsearbeidet  tilseier at også omsyn til MHV skal inngå i all kommunal sakshandsaming og helst skal det gå fram i saka  kva  omsyn som er vurderte ved  vedtak i ansvarlege kommunale organ.

Kommunen har  mellom anna spesialist i samfunnsmedisin som kan gje råd og innspel.

I einskildhøve kan kommuneoverlegen gjera hastevedtak når vanleg sakshandsaming vil krevje for lang tid- t.d. stengjing el krav om retting av uakseptable tilhøve

I saker som gjeld  MHV har ein  organisert ei eiga interkommunal avdeling med Lindås som vertskommune. Her finn ein :

Teknisk hygienisk ingeniør Grethe Elin Mjelde som også gjer sakshandsaming for kommunen - mellom anna opp mot skulane og barnehagane.

Ho har mail adr.:

mjge@lindas.kommune.no

Telefon 56375770 / fax 56375087

Kontoradresse:

Avdeling for Miljøretta Helsevern

Lindås kommune

Kvernhusmyrane 20

5914 Isdalstø

Saman med teknisk avdeling i Austrheim kommune kan ho  rådgje om Radonmålingar, utstyr til dette osv.

Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish