Miljø

Miljøvern handlar om å ta vare på omgjevnaden vår.
Her er det presentert stoff kring utvalde tema med linkar til relevante nettsider.

 

Avfallshandtering

NGIR (Nordhordland og Gulen interkommunale renovasjonsselskap) er ansvarleg for innsamling og vidare handsaming av alt avfall frå hushalda og hyttene i Austrheim og dei andre medlemskommunane. NGIR tilbyr også avfallsløysingar og tenester til industri og næringsliv i regionen. I tillegg utfører NGIR slamtømming for eigarkommunane og har mottak av bilvrak.

For meir informasjon sjå NGIR si heimside. Tlf. 56 34 33 10. e-post. ngir@ngir.no                Henteruter/renovasjonskalender

Avfallsdunkar: 
NGIR administerer ut- og innlevering av avfallsdunkar.

Gjenvinningsstasjonar: 
I Austrheim kommune finn du gjennvinningsstasjon på Litlås ved Mongstadkrysset. Spesialavfall skal leverast på ein gjennvinningsstasjon. Opningstider.

Kompostering: 
Ved avtale om heimekompostering vert renovasjonsavgifta redusert, ta kontakt med NGIR.


Energi og Enova

Dersom du planlegg nye private oppvarmingsløysingar, bør du undersøkje om dei kjem inn under tilskotsordninga i Enova. Det statlege føretaket Enova er etablert for å fremje ein miljøvenleg omlegging av energibruk og energiproduksjon i Norge. 
Følgjande energitiltak er med i tilskotsordninga: 

•Pelletskamin
•Pelletskjele
•Sentralt styringssystem for elektriske og/eller vannbårne varmeløysingar
•Væske/vann varmepumpe 
•Luft/vann varmepumpe 

Skiftar du eldstad i bustaden din skal dette rapporterast til kommunen. Skjema får du hjå leverandør/ installatør. 
 

Forureining og stråling

Her finn du informasjon om emne som grunnforureining, luftforureining, støy, strålevern og vassforureining. 

Fleire av lenkene om dette tema er eksterne lenker med informasjon frå andre offentlege nettsider.
For å hindre ureining og helseproblem som følgje av bålbrenning er det viktig at lova vert følgt, sjå Friluftslova 


Folkehelse omfattar faktorar som er med på å påverke helsa di som mellom anna allergi, drikkevatn, ernæring, innemiljø, skadedyr og strålevern.

Miljøstatus i Noreg held deg oppdatert på den nyaste kunnskapen om tilstanden og utviklinga i miljøet. 

Klima- og forureningstilsynet (KLIF) arbeider for ei forureiningsfri framtid, og iverkset ureiningspolitikken og er vegvisar, vaktar og forvaltar for eit betre miljø.


Naturforvaltning

Direktoratet for naturforvaltning (DN) har det faglege ansvaret for forvaltning av natur i Norge.
Kommunane er tillagt mynde for ulike naturforvaltningsoppgåver som forureining og kulturminner. 

Under temaet naturforvaltning finn du opplysningar om kva som er mogeleg og kva avgrensingar det er ved å nytte naturen:

•Allemannsrett
•Bålbrenning
•Fritidsfiske (fiskekort)
•Jegerprøva
•Motorferdsel i utmark
•Naturvern

•Viltforvaltning

 

Vèr og klima

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ei sentral rolle i beredskap for flaum og skred. NVE har ansvaret for den nasjonale flaumvarslingstenesta og har døgnkontinuerleg beredskaps telefon for flaum- og skred-situasjonar.

NVE sitt regionkontor kan støtta det regionale og lokale beredskapsapparat i ein beredskaps-situasjon.

NVE si avdeling i Førde er landet sitt nye hovudsete for skredforsking etter at NVE frå 1. januar 2009 fekk hovudansvaret for statleg førebygging av skredulykker. 


Værmelding for Austrheim i dag 

Web levert av CustomPublish