Sauesanden foto Oceanordic justert

Med båt til Austrheim

Austrheim kommune ynskjer å framstå som ein open og god kommune å besøkja, og vi vil prøva å leggje til rette slik at du som kjem med båt til Austrheim skal kunne finne deg ein kai som du kan fortøye båten og ha nokre fine dagar. Her finn du ei oversikt over nokre av dei kaiane som  kan vera aktuelle for deg.Dei fleste er kommunale, medan nokre er private. Ikkje alle er like godt tilrettelagde enno, og nokre ligg eit godt stykke frå kommunesentrum. For å lokalisere kaiane ber vi deg bruke nordhordlandskart.no

Vi ynskjer deg velkomen til Austrheim, vis hensyn til naboar og natur, og gjer vel og ta bosset med deg om det ikkje er bosscontainer på kaien.

For meir informasjon; ta kontakt med Austrheim kommune på tlf. 56162000

Sauøy kai

Sauesanden foto Oceanordic justert.jpg
Sauøy ligg i havgapet yst i Austrheim, og er ei fin, ubygd øy med fleire små lune viker med fin, kvit skjelsand og svaberg. Kaien høyrer til friluftsområde eigd av Bergen og Omland friluftsråd. Her er det lov å leggje til med båt. Det er fortøyningsboltar. Området har badeplass og toalett, bord og benk. Det er mogeleg å telte. I friluftsområdet ligger det ei turboks, ei av 16 geocacher som BOF har lagt ut.

Les meir her: http://www.bof.no/Omrader/Austrheim/0101_sauoy.htm

Krossøy kai        

Krossøy kaihus justert HDY.jpg
Dette er ein kai i det flotte Øyane-området i kommunen. Her er det lov å leggje til for båtar. Det er parkeringsplass på stikkveg til kaien. Ein kort spasertur frå kaien, på austsida av øya, ligg det verna naustmiljøet på Krossøy. Ein kan også gå ei kort turløype til nordspissen av Krossøy. Det er også mogleg å setje ut ein kajakk her og padle rundt i Øyane-området, men ein må vere merksam på at det til tider kan vere verhardt her.  På Storhogen (32 moh) ser du vide omkring, og er kan du sjekka kva du ser på ei flott karttavle. Meir om Krossøy finn du her: http://www.austrheim.kommune.no/krossoey.306894.nn.html

Rongevær Kurs & Fritidsenter           

Rongevær justert foto B Brundtland.jpg
Ved Rongevær Kurs & Fritidssenter ligg ein trekai som kan nyttast av båtturistar når senteret ikkje er utleigd. Det er ikkje veg til senteret.   Området er flott å bruke til dykking og padling i kajakk.  Ta kontakt med driftsansvarleg på Rongevær før du legg til for å sjekke om det er ledig.
Mobil: 97682965  

Meir info om Rongevær kurs- og fritidssenter finn du her: http://www.austrheim.kommune.no/rongevaer-kurs-og-fritidssenter.303004.nn.html

Baløy            

Baløy småbåthamn 1 HDY justert.jpg
Kommunen eig nausttomter ved Baløy småbåthamn. Det er høve til parkering i enden av kommunal veg, og godt eigna for utsetting av kajakk for padletur i det flott Øyane-området. Det vert ikkje tilrådd å nytte Baløy kai på grunn av dårleg forfatning. Ved småbåthamna er det også områder som er godt eigna for å bade litt.

Børilden      

Børilden flyfoto justert.jpg
Ved Børilden kai er det mogeleg å leggje til med båt. Det er ein flott padletur å padle rundt øya. På Børilden er det også eit friluftsområde eigd av Bergen og Omland Friluftsråd. Båtutfartsområde med gode naturhamner og badeviker. Fin teltplass på austsida, tilrettelagt med lavvo og bålplass. Fortøyningsboltar og fortøyningsbøye i Beinsundet, på austsida av Børilden. Sau beiter i Friluftsområdet. Hald hunden i band. Her kan du lese meir om Børilden: http://www.bof.no/Omrader/Austrheim/0102_borilden.htm

Øksnes tidligare rutekai          

Øksnes rutekai justert HDY.jpg
Det er lov å leggje til ved kaien. For fritidsbåtar er det gjesteplassar i småbåthamna. Ved kaien ligg eit friluftsområde eigd av Bergen og Omland Friluftsråd. Her er badeplass med flott sjøutsikt og ettermiddagssol. Parkering er mogeleg etter småbåtopplag og slipp. Følg bilveg vidare inn for å komme til friluftsområdet.. Toalett og informasjonstavle er ved parkering. Fleire turstiar og gangvegar går gjennom friluftsområdet. Landgrunn sandfjøre inst i pollen. Fast grill og bord og benk ved stranden. Det er fin teltplass på austsida av vika, og stupebrett med badestige på vestsida. Området er eit fint utgangspunkt for padling med kajakk i øyane nord for friluftsområdet. Parkeringsplassen for friluftsområdet er og eit fint utgangspunkt for turar i Øksnesmarka. I området er det opparbeid ei godt merka rundløype frå Øksnes til Årås og Rebnor, med retur til Øksnes. Turen er på omlag 6,2 km. Undervegs er det rasteplassar og informasjonstavler. Turkart er å få kjøpt i Servicekontoret på kommunehuset. Meir om Øksneset finn du her: http://www.austrheim.kommune.no/oksnesmarka.306884.nn.html

Lerøy kai     

Lerøy Kai justert HDY.jpg
Det er lov å leggje til med båt. På Lerøy er det tursti som går rundt øya. Les meir om turstien her: http://www.austrheim.kommune.no/leroey.306889.nn.html

Hoplandsjøen kai

Hoplandskaien justert HDY.jpg
Det er mogeleg å leggje til med båt. Eige kailag står for innkreving av kaileige.

Litlelindås kai       


Det er lov å leggje til kaien, men det er eit lite parkeringsareal for bilar på kaien.  

Mastrevik kai       

Mastrevik kai justert.jpg
Mastrevik ligg flott til i leia og er ein del av den Indre Farleia som strekkejer seg  frå Bergen via Alverstraumen og til Kilstraumen og Fensfjorden. Større båtar kan leggje til ved den gamle dampskipskaien. For fritidsbåtar er det gjestebrygge. På kaien er det eit grindverksbygg til offentleg bruk og oppstillingsplassar for bubilar og høve til å parkere. Det er mogleg å setje ut kajakk for å padle enten sørover mot Solesjøen og Njøten eller nordover mot Kilstraumen og rundt Ulvøy. Det er avgift for å liggje i gjestebryggene. Denne skal betalast i luke i Havsportsenteret. Tilgang til straum og vatn på kaien. Mastrevik ligg 10 min spasertur frå kommunesenteret med butikkar, bensinstasjon, bibliotek, lege og tømmestasjon for bubilar.

Kilstraumen kai    

kilstraumenbrygge_1 justert.jpg
Det er nye gjestebrygger med uttakspunkt for strøm og vann, samt heilt nytt servicebygg med toalett, dusj og vaskerom. Avgift vert krevd. Kjelstraumen vertshus har tradisjoner langt tilbake, og har kongeleg bevilling frå 1610. Restauranten serverer god mat og her er gode overnattingsmuligheter. Kilstraumen har også bunkring.
Les meir her: http://www.austrheim.kommune.no/kjelstraumen-vertshus.303005.nn.html

Ervik kai

Ervikane justert.jpg
Privat kai der det er lov å legge til med båt gjennom avtale mellom grunneigar og Austrheim kommune. Ved kaien er det fin badeplass. Like ved ligg Vardetangen snøggbåtkai, der det er mogeleg å parkere. Ovanfor kaien der byrjar turløype til Vardentangen, Noregs vestlegaste fastlandspunkt, og der finn du Purkebolsvatnet.  Les meir om Vardetangen her: http://www.austrheim.kommune.no/vardetangen.5353910-306883.html

Molokaien på Fonnes i Tresvik          

Fonnes molokai justert.jpg
Kaien er eigd av Kystverket, men Kommunen har ansvar for drifta. Her er det mogeleg å leggje til med større båtar.  10 min gange til Fonnes senter med mellom annan matbutikk, kro og sportsbutikk. Molokaien ligg i Nordre Fonnesvåg, og det er kort veg til turstien som fører til den flotte badestranda Årvika. Turstien går vidare til Vardetangen. Les meir om vardetangen her: http://www.austrheim.kommune.no/vardetangen.5353910-306883.html

Web levert av CustomPublish