Ledige stillingar i barnehage og pleie og omsorg

Austrheim kommune har spanande stillingar ledige i barnehagane og innan pleie. Kva seier du om styrarstillinga ved Kaland Barnehage? Eller stillinga som aktiviteør? Under finn du informasjon om alle stillingane.

  • Styrar i 100% stilling i Kaland barnehage i fast stilling frå og med 01.06.18. Etter lang og tru teneste sluttar styraren i Kaland barnehage. Vert du den neste til å leie ein entusiastisk og dyktig stab av tilsette? Då søkjer du på denne stillinga!

 

  • Barnehagelærarar ved Austrheim kystbarnehage og Kaland barnehage (heile stillingar/deltid i både fast og vikariat for barnehageåret 2018/2019, evt. delar av barnehageåret.

 

  • Vernepleiar i fast 100% stilling gjeldande frå og med 01.08.18.

 

  • To sjukepleiarar i fast 60,80% stilling på natt ved Nordliheimen frå og med 01.08.18.

 

  • Aktivitør i fast 50% stilling frå og med  01.08.18 ved Nordliheimen.

 

 

Fullstendig utlysingstekst og elektronisk søknadsskjema finn du her: 

Frist for søknad er 15.05.18

Web levert av CustomPublish