Kyrkja i Austrheim

I Austrheim har vi ei kyrkje som ligg på Austrheim. Kyrkja er frå 1865, men det har vore kyrkje her før den tida. Det vert blant anna arrangert gudstenester, open kyrkje, konfirmantsamlingar, barnesamlingar og mykje anna.

Austrheim kyrkje.jpg
Foto: Tina Strømsnes Monslaup

I tilknyting til kyrkja ligg gravplassen. I tillegg er det gravplass på Leirvågleitet i like ved bedehuset der. I Øksneskrysset ligg den gamle kolerakyrkjegarden i Austrheim.

Aktivitetane i kyrkjelyden og i Kyrkja vert styrt av soknerådet. Soknerådet vert valgt kvart 4.år.

Soknerådet gjev ut meldingsbladet Kyrkjebakken. Heilt sidan 1971 har dette vore eit viktig organ i Austrheim. "Alle" les Kyrkjebakken, og difor vert dette nytta som meldingsblad, ikkje berre for aktiviteter i kyrkjeleg samanheng, men av kommunen og fleire lag og organisasjonar.

Heimesida til Austrheim Sokn finn du her www.austrheim.kyrkja.no

Web levert av CustomPublish