Kunngjering av planendring for Reguleringsplan for Kaland-Fonnes del av GNR 130 og 131 i Austrheim, planid 2016001

Kommunestyret godkjente den 22.06.2017 planendring for Reguleringsplan for Kaland-Fonnes del av GNR 130 og 131 i Austrheim, planid 2016001. Denne vert herved kunngjort. Planskildring er datert 15.12.2016, reguleringsplankartet er datert 09.12.2016 og reguleringsføresegner 27.03.2017. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova si § 12-12. 

Formålet med planendringa er å leggja til rette for ei god utvikling av området til omsorgsbustadar, bustadar, småbåthamn, gangvegar, park- og friluftsområde i Kaland-krinsen. Austrheim kommunestyre vedtok i sak 57/11 å byggja omsorgsbustader på Kaland/Fonnes.

 

Planendringa kan lesast i Austrheim kommune sitt digitale planarkiv BraPlan (http://braplan.geoweb.no/braplan/). Vel kommune: Austrheim, og søk på planid. 2016001.  Det er og mogeleg å sjå planen på kommunehuset. Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast, jfr. Pbl . § 1-9 og forvaltningslova § 28.

 

Eventuell klage skal vera grunngjeven og sendast skriftleg innan 18. juli 2017 til Austrheim kommune, Sætremarka 2, 5943 Austrheim eller på e-post: post@austrheim.kommune.no. Eventuelt krav om erstatning eller innløysing etter Pbl. §§ 15 og 16 må vera framsett innan 3 år.

 

 

Rådmann

Web levert av CustomPublish