Kunngjering av planendring for «Detaljregulering Mastrevik nærings- og bustadområde – gbnr. 142/9 m.fl, planid 2017003»

Med atterhald om at formannskapet det 24.08.2017 godkjenner planforslag til planendring for «Detaljregulering Mastrevik nærings- og bustadområde – gbnr. 142/9 m.fl, planid 2017003» vert denne hermed kunngjort. Plandokumenta med reguleringsføresegner er datert 24.05.2017. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova si § 12

Endringa fører til auka storleik på bustadareal B3c. Veg V3 vert flytta til vestsida av B3c, forlenging av eksisterande veg. Uteareal U4a vert fjerna, medan grøntareal G4 vert tilsvarande større.

 

Planendringa kan lesast i Austrheim kommune sitt digitale planarkiv BraPlan (http://braplan.geoweb.no/braplan/). Vel kommune: Austrheim, og søk på planid. 2017003.  Det er og mogeleg å sjå planen på kommunehuset. Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast, jfr. Pbl . § 1-9 og forvaltningslova § 28.

 

Eventuell klage skal vera grunngjeven og sendast skriftleg innan 19. september 2017 til Austrheim kommune, Sætremarka 2, 5943 Austrheim eller på e-post: post@austrheim.kommune.no. Eventuelt krav om erstatning eller innløysing etter Pbl. §§ 15 og 16 må vera framsett innan 3 år.

 

 

Rådmann

Web levert av CustomPublish