Kulturskulen2_809x300

Har du lyst til å spela eit instrument, syngja i kor eller læra å teikna og male

Austrheim kulturskule

Kulturskulen tilbyr ulike undervisningstilbod som kan vera med å utvikle born og unge sine skapande evner i eit positivt og utviklande miljø.

 

 

Kulturskulen held til i trivelege lokaler i kommunesenteret på Mastrevik.

Adressa er: Austrheimsvegen 1009.

Tilboda i Kulturskulen
• Piano
• Keyboard
• Gitar
• El. Gitar
• Bass
• Tilrettelagt musikkundervisning for elevar med særskilde behov
• ”Musikk fra livets begynnelse”
• Tiriltunge barnekor
• Kulturskulen driv også opplæring på korpsinstrument. Denne undervisninga er underlagt skulekorpsa på Austrheim og Kaland.

Instrumentalundervisning
Vil du læra å spela eit instrument? Kulturskulen tilbyr undervisning for nybyrjarar og vidarekomne. Tilboda våre finn du i brosjyren Alle kan søkja opptak i kulturskulen. Vaksne (over 20 år )får plass når skulen har ressursar til det.

Tiriltunge barnekor
Kortilbod for aldersgruppa 3. – 7. klasse. Koret øver på Seniorsenteret ( same bygg som kulturskulen ) kvar tysdag kl. 14.45 – 16.00. Kormedlemmane kjem rett frå skulen og før øvinga byrjar får borna servert mat. Tiriltunge opptrer årleg på fleire tilstellingar i Austrheim. Barnekoret er eit samarbeid mellom frivilligsentralen og kulturskulen. Leiarar av koret er Rigmor Ludvigsen (tlf 45635324) og Elisabeth Jensen Risnes (tlf. 98822075).

Visuelle Kunstfag
Teikne- og maleundervisninga i kulturskulen er eit tilbod til både born og vaksne. Me har for tida to grupper for born og ei gruppe for vaksne. Elevane får læra litt om teknikkar som akvarell, blyant / kol og penn for seg sjølv og i kombinasjon. Elevane har også arbeidd med illustrasjon til tekst, collageteknikk. Undervisninga er ofte temabasert og elevane er sjølv med og former oppgåvene slik at opplæringa i stor grad er tilpassa den einskilde elev. Undervisninga skjer på teikne- og malerommet i kulturskulen sine lokaler.



Retningsliner for elevar i kulturskulen.

Opptak
Alle kan søkja opptak i kulturskulen. Vaksne får plass når skulen har ressursar til det. Påmelding skal vera skriftleg og er bindande når ein har teke imot tildelt plass.
Utmelding skal vera skriftleg og må vera skulen ihende innan 1. april. Ein kan søkja fritak etter endt haustsemester. Søknad må vera skulen ihende innan 1. november.
Undervisninga
Undervisninga i kulturskulen følgjer skuleruta for grunnskulen. Dei vanlege undervisningsformene er gruppeundervisning eller einetimar.

Instrument / læremidlar
Eleven skal sjølv halda instrument. Instrumentalelevar skal og kjøpa naudsynte læremidlar / notar.


Elevavgifta for intrumentalundervisning er kr 1.200.- pr. semester . Det vert gjeve 25% syskenmodersjon .
For vaksne er elevavgifta kr 2.400.- pr. semester.
Elevavgifta i barnekoret er kr 350.- pr semester.
Elevar frå Kaland betaler kr 100.- pr. semester for skyss til øvinga.

Teikne- og maletilbodet kostar kr 950.- pr. semester pluss materialkostnader på kr 400.-.

Kulturskulen.jpg

 

Web levert av CustomPublish