Kulturprisen – kom med forslag!

Det er mange i bygda som fortener ein pris for godt arbeid, men kulturprisen vert berre delt ut annakvart år, og kandidatar til denne prisen må på ein eller annan måte ha gjort noko som set spor etter seg i kulturlivet i Austrheim.

Kulturprisen er meint å vere ein takk og ei oppmuntring til einskildpersonar, grupper eller lag som gjer/har gjort ein verdifull innsats i lokalmiljøet vårt. Innsatsen kan enten vere innanfor arbeid i frivillige lag og organisasjonar eller spesielle aktivitetar/oppgåver.

Det er formannskapet som tek stilling til kven som får Kulturprisen , men alle er oppfordra til å kome med forslag.  Prisen vert delt ut i Kulturdagane Austrheim.

Send forslag til kulturavdelinga innan 20. august.

Web levert av CustomPublish