18.10 – 28.10 - tema: Glede

Kulturdagane Austrheim 2018

I 2018 er Norges Musikkorps Forbund 100 år, og det er «Musikkorpsenes år»
Til hausten vert det kulturdagar med tema: Glede.

Kulturfestivalen håpar vi vert full av glede: songglede, musikkglede, måle- og teikneglede, fargeglede, leseglede, matglede, turglede, idrettsglede, arbeidsglede, …..
Kulturdagane avsluttar med ein festkonsert med m.a. korpsglede.

Grunnpilaren er aktiviteten i det lokale kulturlivet. Vi vert inspirert utanfrå, og engasjert til å lære noko nytt. Har ditt lag eller organisasjon arrangement de vil ha med i festivalen, eller du/de ønskjer å vere med i arbeidsgruppa som jobber med Kulturdagane Austrheim, så ta kontakt med
Rigmor (Frivilligsentralen), Steinar (Kulturskulen), Anita (Ungdomskoordinator), Kari (Kulturavdelinga)

Vi gler oss til Kulturdagane 2018!

Web levert av CustomPublish