Naustmiljøet i Krossøy

Naustmiljøet i Krossøy

- nærare havet kjem du ikkje utan å bli våt

Welcome to Krossøy

Velkommen til Krossøyna

Du er på historisk grunn. På denne øya finst det spor etter folk fleire tusen år tilbake i tid. På 1920-talet vart det på bruk nr. 1 gjort funn av økser og slipeutstyr, truleg frå Steinalderen.

Namnet kan vere knytt til ein kross som i tidlegare tider vart reist her, anten som eit religiøst symbol, eller som eit seglingsmerke.

Til garden Krossøyna høyrer mange holmar og øyar, og i dette øyriket kan du finne interessante naturområde med sjøfuglkoloniar (gråmåse og svartbak), og innslag av kystlynghei med både røsslyng og store forekomstar av purpurlyng.

Medan lyngheiane i kommunen er på retur, er lyngheia på Krossøyna framleis i bra stand fordi her er beitande sauer.

Opp gjennom tidene er mykje av myrane utnytta som brensel. Tørka torv var ein livsviktig ressurs i eit landskap mest utan store tre.

77 menneske budde på Krossøyna og tilhøyrande øyar og holmar så seint som i 1920, mens det er oppgitt berre 5 fastbuande i 2001. Etter at det kom veg til øya, er det blitt meir aktivitet i husa, for ein del er dette knytt til ferie og fritid.

Fiskarbondens rike

Krossøyna har på mange måtar vore sjølvberga. Jordbruk og fiske har halde liv i folk opp gjennom tidene. I tillegg nokre handtverkarar. Det har gitt mat på bordet og naudsynte inntekter. Framleis finst det kulturminne og bygningar som viser dette, mellom anna ei smie og eit hamneområde med spesialbygningar for ulike føremål.

Denne gamle hamna, som ligg lunt til på austsida av hovudøya er restaurert av Hordaland fylkeskommune. Heile miljøet er freda og framstår som ein attraksjon for alle som er interesserte i kystkultur. Her finn du naust, som var opplagsplass for ulike båttypar, sjøbuer som var arbeidsplass og hadde lagringskapasitet for fisk og sild, og torvhus, der det livsviktige torvet vart lagra. Torvet vart ført hit frå ei av de største naboøyane, Lyngoksen.

Kvart år, under Kystsogevekene, brukar folk på Krossøyna å invitere til kulturvandring i «Fiskarbondens rike». Då kan folk oppleve kystkultur og lokalhistorie, omvisningar og suppe i nausta.

Ta omsyn – Ingen parkering

Dette er ikkje ein parkeringsplass for bubilar, og det er heller ikkje tillate å sette opp telt her.

Men for deg som kjem med bil, kan dette vere utgangspunktet for turar på vakre Krossøyna. På kartet til høgre ser du avmerka Storhaugen. På biletet i midten ser du varden og kartet du finn på toppen. Studerer du utsikta frå Storhaugen, og konfererer med kartet, kan du sjå til meir enn 17 kommunar i to fylke, Hordaland og Sogn og Fjordane. Går du litt innover bygdevegen, finn du skilt og veg ned til det restaurerte hamneområdet.

Du må og gjerne prøve den varierte, men og ganske lette turstien som går til endes på Krossøyna, til Krossøygavlen.

Ta omsyn til kulturlandskapet du ferdast i. Det går dyr på beite, så ha alltid hunden i band.

God tur!

 

ENGLISH:

Welcome to Krossøyna

You're on an historical site. On this island you can find traces of people who lived several thousands of years ago. In the 1920's axes and grinding equipment were found on farm number 1, these probably date back to the Stone Age. The name Krossøyna may be connected to a cross that in earlier days was erected here, either as a religious symbol, or as a sailing mark. Many islands and islets belong to the farm Krossøyna, and in this area you can find interesting nature with seabird colonies (herring gull and black-backed gull). You can also see coastal moors covered with heather, including large quantities of purple heather on the island.

While the heather in Austrheim is generally decreasing, the heather at Krossøyna is still in good condition because there are grazing sheep there. Throughout the years a lot of the marshes have been used as fuel. Dried peat was an essential resource in an area almost without large trees. 77 people lived at Krossøyna and adjacent islands as late as 1920, while only five persons were registered as living there by 2001. After a road to the island was constructed, there has been more activity in the houses there, for many these are holiday and recreational activities.

 

The Farming Fisherman's Kingdom

Krossøyna has in many ways been self-sufficient. Farming and fishing, as well as handicraft, has sustained people throughout the years. That has put food on the table and given necessary income for the inhabitants. There are still cultural memorabilia and buildings which show this, amongst others a smithy and a quay area with buildings especially built for various purposes. This old quay area, which is located in an area sheltered from the wind, on the Eastern part of the island, has been restored by Hordaland County. The whole area has been declared protected, and is an attraction for anyone interested in coastal culture. Here you will find boathouses, which were used to store various boat types, sea houses that were work places and were used as storage for fish and herring, and peat houses, where the essential peat was stored. The peat was transported here from the neighboring island, Lyngoksen. Every year, during Kystsogevekene, a yearly event promoting cultural experiences along the coast, visitors are invited to a tour of the Farming Fisherman's Kingdom. This offers visitors a chance to experience coastal culture, local history, tours, and taste soup in the boat houses.

Be Considerate - No Parking

This is not a parking spot for motorhomes. It's not allowed to put up tents there either. If you arrive by car, there are many beautiful trails to walk at Krossøyna. On the map on the right you can see Storhaugen marked off. On the picture in the middle you can see the cairn and the map you can find on the top of it. If you study the view from Storhaugen, and check the map, you can look towards 17 municipalities in two counties: Hordaland and Sogn og Fjordane. If you walk a little along the trail, you will see a sign and a road leading down to the quay area. You may also try the varied, but easy trail which leads to the end of Krossøyna, to Krossøygavlen. Consider the cultural landscape you are walking in, animals are grazing in the area so keep your dog on a leash at all times. 

Web levert av CustomPublish