Kommunereform ingress

Ny kommune i Nordhordland?

Skal Austrheim gå saman med nabokommunane i ein større kommune i Nordhordland, eller halda fram som eigen kommune? Kommunestyret skal ta den endelege avgjerda 22. juni i år. Før den tid skal innbyggarane seia si meining i ei rådgjevande folkeavrøysting og det skal haldast folkemøte. På denne nettsida skal me halda deg oppdatert om prosessen framover mot endeleg vedtak.

Austrheim har, saman med dei 7 nabokommunane signert intensjonsavtale om bygging av ny kommune i Nordhordland.

NY!! Annonse frå Region Nordhordland og alle kommunane (12.04.16)

Annonse - april 2016 Nordhordland ein kommune 2020 ingress.jpg

 

Intensjonsavtalen legg føringa for korleis den nye kommunen skal utformast og kva prinsipp som skal leggast til grunn for drifta.

Her kan du lesa intensjonsavtalen mellom 8 kommunar


Her kan du lesa premiss som blir lagt til grunn dersom Austrheim held fram som eigen kommune (skal handsamast i kommunestyremøte14.04.16)

Alternativet til å gå saman i ein større kommune, er å halda fram som eigen kommune. Uansett kva avgjerda blir, vil det bety endringar for austrheimingane .I samband med politisk handsaming av intensjonsavtale mellom kommunane, har rådmannen lagt fram til drøfting i styringsgruppa ei utgreiing om alternativet med Austrheim som eigen kommune.


På regionrådet sine nettsider kan du lesa om prosessane som har vorte gjort knytt til eit storkommune-alternativ i Nordhordland.

Større og meir robuste kommunar
Kommunestruktur har stått på agendaen til dei folkevalde i Austrheim og regionrådet for Nordhordland i fleire år. I Austrheim har politikarane gjort ei rekkje vedtak om kommunesamanslåing. I tillegg har regionrådet bestilt ein del utgreiingar og analysar, som er svært relevante for den vidare prosessen.
Hausten 2014 vart alle norske kommunar invitert til å delta i ei omfattande reform, der målet er å flytta makt og ansvar til større og meir robuste kommunar. I første omgang etablerte regionen eit forhandlingsutval som skulle sjå om det er mogleg å bygga ein storkommune i Nordhordland. Prosjektet omfatta kommunane Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Modalen, Radøy og Solund. Kommunane Lindås, Radøy og Meland sette parallelt igang med 3-kommune-forhandlingar. Etter kvart har både Osterøy, Meland, Radøy og Austrheim trekt seg frå storkommune-alternativet.

Målet med denne sida er å gi politikarar og innbyggjarar i Nordhordland tilgang til historiske vedtak, rapportar, sentrale råd og retningsliner - samt eit innblikk i den vidare prosessen.

Sida skal vera eit lokalt supplement til Kommunal- og moderniseringsdepartementet sine eigne sider om kommunereforma.

 

Departementet sine informasjonssider og andre sentrale lenker finn du i menyen til høgre på sida. Les du saka på mobil, finn du lenkene i ein boks under artikkelen.

Web levert av CustomPublish