Kommuneplanen sin arealdel i Austrheim kommune 2017-2027 - Andre gongs offentleg ettersyn.

I kommunestyret den 14.12.2017 var det vedteke å leggja kommuneplanen sin arealdel i Austrheim kommune 2017-2027 ut til andre gongs offentleg ettersyn. Vedtaket som vart gjort var dette:

«Austrheim kommune legg kommuneplanen sin arealdel i Austrheim kommune 2017-2027 ut til andre gongs offentleg ettersyn. Arealdelen er utarbeidd etter ei grundig vurdering av innspel, innkomne merknadar og i høve til strategiane i den vedtekne samfunnsdelen. Kommuneplanen består av plankart datert 05.12.2017, planskildring datert 01.12.2017, føresegner revidert 01.12.2017. Konsekvensutgreiing og ROS-analyse av merknadar er datert 30.11.2017. Merknadsfrist vert sett til 15. februar 2018. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova si § 11-14.»

 

 

De kan lesa planframlegget i Austrheim kommune sitt planregister Braplan under planid. 2013001. Det ligg også til offentleg ettersyn på kommunehuset i Austrheim kommune. Merknadsfrist er sett til 15. februar 2018.  Merknad må sendast skriftleg til Austrheim kommune, Sætremarka 2, 5943 Austrheim eller på e-post: post@austrheim.kommune.no.

Link til BraPlan: http://www.geoweb.no/braplan/

BraPlan er ute av drift for tida, og planframlegget og alle dokumenta her:

Føresegn

Kart

Konsekvensutgreiing og ROS-analyse

Planskildring

Vedtak

Rådmannen

Web levert av CustomPublish