Planframleggutsnitt

Planframleggutsnitt

Arealdelen - Offentleg høyring og ettersyn

KOMMUNEPLAN FOR PERIODEN 2016 - 2027.

Austrheim kommunestyre vedtok i møte den 7 april 2016 å leggje kommuneplanen sin arealdel 2016 – 2027, ut til offentleg høyring og ettersyn. Dette i samsvar med reglane i Plan og Bygningslova § 11-14 (Høring av planforslag).

Arealdelen er utarbeidd etter ei grundig vurdering av innkomne forslag og i høve til strategiane i den nyleg vedtekne samfunnsdelen. Planen består av plankart, planskildring og føresegner. Vedlegg til planen er samla konsekvensutgreiing, analyse av funksjonell strandsone og kommuneROS 2016.

Frist for å sende inn merknader er 1. juli 2016
 

Kommuneplan - planskildring

Kommuneplan - føresegner

Kommuneplan - kart

De kan også lesa om planframlegget her i Austrheim kommune sitt digitale planarkiv BraPlan

Sjå på sakshistorikk og les dokument. Høyringsdokumenta har dato 11.04.2016.

Det finnast og nyttig informasjon om innspela til arealplanen i Nordhordlandskart , meir info om det her: Infovideo konsekvensutgreiing i NH-kart

Det er også mogeleg å sjå planframlegget på kommunehuset sitt Servicekontor .

Spørsmål til kommuneplanen sin arealdel kan rettast til avdeling for plan, bygg, oppmåling og miljø i Austrheim kommune.


Merknadar kan sendast :

Digitalt rett til kommunen, trykk her

I E-post til  post@austrheim.kommune.no.

eller i brev til:
Austrheim kommune,
Sætremarka 2,
5943 Austrheim

 

Rådmannen

Web levert av CustomPublish