Fysioterapitenesta

Fysioterapitenesta i Austrheim kommune er organisert under helseavdelinga i kommunen, og er lokalisert i underetasjen ved Nordliheimen. Per 01.12.13 er det to kommunalt tilsette fysioterapeutar i kommunen – ein 100% stilling og ein 40% stilling, samt ein turnusfysioterapeut. Det er i tillegg ein privatpraktiserande fysioterapeut med 100% driftstilskot, som er samlokalisert med fylkestannlegen i Uthaugbygget.

Den kommunale fysioterapitenesta sine arbeidsoppgåver omfattar helsefremjande og førebyggjande arbeid, undersøking/behandling, samarbeid med helsestasjon og barnehage/skule, samt habilitering og rehabilitering.

Følgjande pasientgrupper vert prioritert:

  • Barn.
  • Palliative pasientar.
  • Postoperative pasientar.
  • Alvorleg skade eller sjukdom der tidleg oppfølging kan vere avgjerande (dette gjeld og ved forverring/funksjonsfall hjå kronisk sjuke).
  • Gravide.
  • Sjukemeldte eller dei som står i fare for å bli sjukemeldt.

Fysioterapitenesta samarbeider med pleie og omsorgsavdelinga i kommunen om ansvar for formidling av hjelpemidlar, og vil kunne rettleie deg dersom du har behov for hjelpemidlar.

Fysioterapeutane har arbeidsoppgåver knytt til fleire arenaer, og vil derfor ikkje alltid vere til stades i fysioterapilokala.
Ønskjer ein å komme i kontakt med fysioterapeut kan ein ringja tlf: 917 20 143.
Fysioterapeut vil svara telefon i tidsrommet 8.00 – 15.00 så langt det let seg gjere, og vil ellers kontakte deg dersom du legg igjen beskjed på telefonsvarar.

Web levert av CustomPublish