Du er her: Start»Tenester»Kultur»Kino

KINO

I Austrheim kommune er det KINO kvar 14 dag på Austrheim samfunnshus.
Forestilling måndagar kl: 18.00 for born og kl: 20.00 for ungdom og vaksne.
Bygdekinoen er Film & Kino sitt tilbod om kino på stader som ikkje har eigen, fast kino. Bygdekinoen har eige mobilt utstyr og viser film i alle typar lokale.

Bygdekinoen er ein enkel og grei måte å få kino på for stader som ønskjer å gi eit kulturtilbod til folk der dei bur.

Ny og aktuell film
Bygdekinoen har rundt 30 noregspremierar kvart år. Det vert vald ut filmar som når eit breidt publikum, men det blir også vist smalare film på enkelte stader som ønskjer dette. Bygdekinoen rettar seg særlig mot barn og ungdom. Kvar kinokveld har som regel to forestillingar, der den eine er for barn. Det kan også arrangerast skolekinoforestillingar, og visast film i tilknyting til festivalar og andre arrangement utanom det ordinære filmprogrammet.

Sjå program:

bygdekino_180x33_180x33.png

Web levert av CustomPublish