Barnehage

Kaland barnehage

Kaland barnehage ligg like ved Mongstad og er bygd saman med Kaland barne- og ungdomsskule. Barnehagen har ca 100 plassar for born i alderen 0-6 år, og opningstida er frå kl 07.30 til 16.30. Dei som ynskjer det kan ha ni timar frå kl 07.15. Vi disponerer gymsal og basseng nokre timar i veka, og har mange fine turområde i nærleiken. Barnehagen har 50% pedagogtettleik og har fleire tilsette med fagbrev. Borna sitt beste skal alltid stå i fokus for det vi gjer, og vi ynskjer at alle i vår barnehage skal kjenne seg verdifulle.

Leiar på avdelinga:
Åshild Hope Herland

Epost: kaland.barnehage@austrheim.kommune.no,

tlf 56162101, Vardevegen 47 5953 Fonnes

Plassane er fordelt på avdelingane:
Torvane
Vardeflaten
Neset
Merkesåen
Jonsokhaugen

Kaland barnehage har 26 fast tilsette og 50% pedagogtettleik
Heile personalet har deltatt på  40 timars kurs i De Utrolige Årene (DUÅ), vi held for tida på å kurse nytilsette og vikarar i DUÅ. Samstundes driv vi og implementeringsarbeid i høve til tilsette som har gjennomført kurset.

Opningstider:
07.30 – 16.30
07.15 etter avtale

For dei eldste borna:
5-årsklubb
Songkor
Samarbeid med Statoil Mongstad
Avslutningstur mm

Matservering:
Vi serverer alle måltid i barnehagen, dei eldste borna har med matboks på heil turdag
Vi legg vekt på eit sunt og helsefremjande kosthald
Vi lagar gjerne mat ute

Nærområde:
Det er ca 1 km til Mongstad der Statoil Mongstad held til og der TCM driv forsking på fangst av CO2
Det er ca 2 km til Vardetangen, Noregs vestlegaste fastlandspunkt
Vi har mange fine turområde i nærleiken (sjå kart)
Ved lengre turar nyttar vi kommunen sin buss

 

 

 

 

Web levert av CustomPublish