Kaland barne- og ungdomsskule

"Det skal nytte å seie frå." - Ny handhevingsordning for elevane sitt skulemiljø

Fylkesmannen i Hordaland

Frå 1. august 2017 får Fylkesmannen ei ny rolle i behandlinga av saker om skulemiljøet til elevane. Vi vurderer om skulen har oppfylt den lovpålagte aktivitetsplikta si i elevsaker, og vi kan vedta tiltak som skulen må setje i verk.

11. august 2017 Les meir
Kaland skule på skidag 1

Sprek dag i Furedalen!

Måndag 29.2 var ungdomstrinnet på Kaland barne-og ungdomsskule på skidag i Furedalen på Kvamskogen. Perfekt preparerte bakkar, delvis skya, sol og berre blide elevar og lærarar danna ramma for eit av årets høgdepunkt; SKIDAGEN.

 

 

07. mars 2016 Les meir

Skuledagar og fridagar skuleåret 2015 - 2016

Kaland barne- og ungdomsskule

17. juni 2015 Les meir

God sommar!

Til elevar og føresette ved Kaland barne- og ungdomsskule

Til elevar og føresette ved Kaland barne- og ungdomsskule,

 

No er det like før det er sommarferie for elevane. Vi har også i år lagt bak oss eit godt arbeidsår, med mykje nytt ,både for dei nye førsteklassingane som kom i haust, og for avgangselevane i 10. klasse. Det har vore mykje å læra og mykje å gjera, både når det gjeld det faglege og når det gjeld oss menneske i mellom.

 

Elevane i 7. klasse har nett kome att frå eit vellukka leirskuleopphald på Hauglandssenteret. Sjølv om veret ikkje var det beste, så har dei hatt det kjekt og lært mykje.

Det er no tid for sommaravslutningane i klassane, det er alltid moro å vera i Rongever eller på andre fine uteplassar og ha gode stunder saman. Og 10.klasse skal som vanleg ha si høgtidelege avslutningsfest med middag, talar og utdeling av vitnemål.

 

Skuleåret har vore mangfaldig. Eitt av satsingsområda til skulen er å arbeida for god trivsel for alle elevane på skulen, og heile tida visa at vi har nulltoleranse for mobbing. Vi held fram med PALS sin antimobbe-metode, og med eit tydeleg «Stopp, ikkje mobb, dette her er kameraten min.» Vi høyrer gjerne elevane på småtrinnet syngja denne songen ein gong til!

Skulen deltek i Trivselsprogrammet. Her er det elevane sjølve som får opplæring i ulike leikar og aktivitetar og som då kan leia desse leikane i friminutta. Dette har verkeleg slått an blant elevane, og det er triveleg for oss å sjå på innsatsen og gleda som elevane viser. FAU har  vore «sponsor» med støtte både til leikeapparat og til påskjønning til leiarane. Tusen takk til dykk for godt samarbeid!

 

Mange andre viktige hendingar kunne også vore nemnt. Det viktigaste er likevel det daglege møtet mellom dei vaksne på skulen og den einskilde eleven. I dette møtet skal det liggja positive opplevingar, god fagleg støtte og spirer til utvikling for kvar einskild elev.

Dette ligg som eit hovudmål også for komande skuleår. Vi på skulen skal komande år spesielt arbeida med å utvikla oss innan vurdering, i prosjektet Vurdering for læring. Samstundes held vi fast på at skulen skal vera positivt støttande i all læring gjennom PALS..

 

Rektor vil på vegne av alle tilsette på skulen takka for godt samarbeid i skuleåret som har gått og ønskja alle ein riktig god sommar!

 

http://filadelfiafosser.no/site/wp-content/uploads/2011/07/sommer.jpg

 

Helsing Eldbjørg

17. juni 2015 Les meir
Web levert av CustomPublish