Invitasjon til folkemøte på Kaland skule

Det vert ope folkemøte torsdag den 31 august kl. 18.30 - 20-30 på Kaland skule om detaljregulering av skule og barnehageområde på Kaland i Austrheim kommune (skule- og barnehageområdet mm).

Program på folkemøtet:

 

  1. Ordførar Per Lerøy opnar møtet.
  2. Verksemda ABO informera om planarbeidet og om forprosjektet på ny barnehage.
  3. Dersom Statens vegvesen deltek informerer dei om vegplanlegginga i dette området.
  4. Austrheim kommune informerer om planprosessen og framdrifta vidare.

 

 

Det vert enkel servering!

 

Folkemøtet vert annonsert i lokalavis, heimesida vår og på facebook. Grunneigara/partar i planområdet får brev om møtet. Plakatar i Kaland-krinsen vert og hengt opp. Det vert skrive referat frå møtet. Innspel vert teke med vidare i planprosessen.

 

Vel møtt!

Web levert av CustomPublish